Fredag kveld var det endeleg duka for dåp av den heimelaga katamaranbåten MS Gudrun. Dåpen gjekk føre seg like ved Kleven verft på Dimna.

Det er John Martin Kleven Godø, Chris Mikal Ristesund Steinnes og John Haddal Mork som står bak båten, noko dei sjølve skildrar som eit reint sommarprosjekt. Men bygginga av båten var slett ikkje uproblematisk.

- Vi hadde gløymt å måle sofaen før vi starta, så flåten vart litt stor, innrømmer Godø.

Suse rundt og drikke kaffi

- Kva skal de bruke denne båten til då, gutar?

- Nei, det er eit godt spørsmål. Den kan jo ikkje brukast til noko som helst, men vi kan jo suse rundt og drikke litt kaffi, forklarar Godø.

- Og så skal vi ein tur til Kaffi Kari, seier Mork.

- Det var det som var målet frå dag éin - å byggje ein katamaransofa som går rett inn dit, legg Steinnes til.

To gudmødre

Ettersom båten har to skrog, var det to personar som fekk æra av å døype "Gudrun". Dette var Emily MacPherson og Oline Gjerde Myklebust.

Då dåpen var unnagjort, fekk dei frammøtte servert båte kake, grillmat og andre godbitar før turen så gjekk vidare mot sentrum - i den nydøypte katamaransofabåten.

Reiarane John Martin Kleven Godø, Chris Mikal Ristesund Steinnes og John Haddal Mork saman med gudmødrene Oline Gjerde Myklebust og Emily MacPherson Foto: joakim rødven