Psykologspesialist Jan-Ole Hesselberg kjem onsdag 25.september til Høgskulen i Volda med  foredraget "Fornuft og kjensler". Foredraget er åpent for alle. Arrangementet er i regi av Human-Etisk Forbund i samband med Humanistisk veke.

I foredraget sitt tek Hesselberg opp at vi ikkje har oversikt over i kor stor grad vi vert styrt  av kjensler, sjølv om vi trur at vi tenkjer rasjonelt. I det daglige treng vi kjensler for å ta raske valg. Vi er ikkje skrudd saman for å være hyperrasjonelle. Irrelevant informasjon og faktorar utanfor vårt synsfelt påverker oss. Kan vi stole på oss sjølv? Ofte ikkje. Derfor treng vi vitenskap og den vitenskaplege metoden.

- Vi er menneske. Alle går i fella, seier Jan-Ole Hesselberg.

Hesselberg bruker eksempel frå forskning på kognitiv dissonans og motivasjon, kognitive illusjonar og tendensering (confirmation bias) i foredraget. Hesselberg er kjent for TV-sjåarane frå programma "Folkeopplysningen" på NRK1 og "Typisk deg" på TVNorge.

Arrangementet finn stad onsdag 25. september i Berte Kanutte bygget ved Høgskulen i Volda.