Onsdag vert det arrangert lanseringsfest for boka "Rasmus Rebellen" av Øystein Orten på Kaffikari.

Forfattaren skal lese frå boka og det vert musikalske innslag.

Øystein Orten frå Hareid har tidlegare gitt ut tre diktsamlingar, ei novelle og ei dokumentarbok. "Rasmus Rebellen" er Orten sin fjerde roman.

Orten er utdanna lektor og har hovudfag i historie. Når han ikkje skriv bøker, underviser han i norsk, historie og religion på Ulstein vidaregåande skule.

Utgjevingar:

  • Havflammen (dikt) Gyldendal 1995

  • Fluktlinjer (dikt) Samlaget 2000

  • Livingstones retrett (roman) Samlaget 2003

  • Kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her (dikt) Samlaget 2004

  • Vegen til Neverland (roman) Samlaget 2005

  • Rabarbarakrigen (roman) Samlaget 2007

  • Himmelen over Shetland. Historier om motstand og eksil 1940-45 (dokumentar) Samlaget 2009

  • Sjabervik (noveller) Samlaget 2011

  • Rasmus Rebellen (roman) Samlaget 2013

Kjelde: Samlaget