Onsdag kveld inviterte Øystein Orten til lanseringsfest for romanen “Rasmus Rebellen” på Kaffikari i Ulsteinvik. Boka er Orten sin fjerde roman og vert som dei tidlegare utgitt av Det Norske Samlaget.

– Det er kjekt at så mange gjekk klar av korøvingane. Eg tok med ein klepp i tilfelle få dukka opp, men det var visst ikkje nødvendig, opna Orten til dei frammøtte hjå Kaffikari.

Litt reine fakta

“Rasmus Rebellen” tek utgangspunkt i ein historisk person, Rasmus Engelbrektsson Bust.

– Det er nok ein, to, tre eller fire prosent reine fakta, resten er dikta opp, fortalde forfattaren.

Romanen er lagt til tida rundt 1650 då Rasmus Engelbrektsson Bust tok på seg rolla som talsmann for bøndene si sak og byrja å mane til motstand mot korrupsjon, aukande skattar og rå brutalitet.

På den tida var det store problem i Noreg. Landet som låg under Danmark var i krig med Sverige og bøndene opplevde uår.

Med dette som bakteppe byrja Store Rasmus sitt opprør og i fylgje Øystein Orten tok han litt av nokre sjansar i åra rundt 1650, sjansar som raskt kunne ført til at han hadde enda på same måten som Jo Jamt frå Valldal.

Byrja med ei daud kyr på Hareid

Historia i romanen vert fortalt gjennom Aslak Bust, fostersonen til Rasmus.

– “Kven var denne mannen dei kalla Store”, spør Aslak og det har Orten gjennom “Rasmus Rebellen” freista å gje eit svar på.

– Rasmusrørsla er eit av dei mest sentrale temaa i denne boka. Røra starta med eid daud kyr på Hareid som futen hadde pant i, og dette er sant, slo Orten fast.

I fylgje forfattaren ynskte han å skrive om Store Rasmus ettersom det ligg så mykje spanande historie knytt til mannen, med forteljingar og mytar som har vart i 350 år.

Hesjestaur

Under lanseringsfesten hadde Øystein Orten med seg Ronald Øvrelid og Odd Goksøyr. Dei fekk sleppe til med musikalske innslag mellom utdrag frå romanen.

Publikum fekk mellom anna høyre Goksøyr synge og spele “Ballade om ein trulaus mann”.

– Dette er ei slik bluesgreie som ikkje er så kjekk å høyre på, men som er veldig kjekk å spele, skjemta Goksøyr.

Orten hadde og tatt med seg hesjestaur til Kaffikari og dei vart ikkje berre nytta for å pynte opp i lokalet. Orten og Ronald Øvrelid nytta kvar sin staur som rytmeinstrument, medan Odd Goksøyr song og spelte munnharpe på ein folketone frå 1600-talet, med tekst Orten og melodi Goksøyr.

Orten hadde med seg både høygaffel og klepp i tilfelle det skulle verte mangelfullt oppmøte, men han var svært nøgd med både publikum og lokale.

– Lokalet var svært passeleg, heilt perfekt i forhold til kor mange som dukka opp, fortalde han.

Øystein Orten, Odd Goksøyr og Ronald Øvrelid gjekk saman på hesjestaur og munnharpe.
Øystein Orten - "Rasmus Rebellen"