Fyrstkomande søndag opnar Studio Hugo Opdal street art - utstilling på Flø, i samarbeid med Handmade posters.

Street art eller på norsk gatekunst er ikkje kommersiell biletkunst oppført i det offentlige rom, oftast ubestilt og gjerne ulovlig og anonymt. Men no har gatekunsten i nokre tilfelle bevega seg vekk i frå gata og inn i galleria. Kunsten blir no betre bevart. Og sjølv om noko av gatekunsten blir tekne inn i galleria, er utrykket framleis det same.

Noregs mest anerkjente kunstnar

På 1990-talet var det ingen dominerande gatekunstnarar i Noreg, men då det nærma seg år 2000, dukka to store namn opp: Dolk og Pøbel.

– Både Dolk og Pøbel er anonyme kunstnarar, dei vil at kunsten skal vere i fokus, seier Hugo Opdal studiodrivar

Dolk Lundgren er pseudonymet til Noregs mest anerkjende kunstnar innanfor sjangeren street art. Motiva hans er ofte pop-kulturelle referansar sett inn i ein humoristisk og kritisk kontekst.

- Vi har heile femten trykk frå Dolk og 3 trykk og eit maleri frå Pøbel. Vi er svært stolte over å ha fått tak i Dolk sine bilete, med tanke på at alt frå Dolk er utselt. Det er veldig stor etterspurnad etter kunsten hans. Det er sjølvsagt også stor stas å ha eit måleri frå Pøbel, seier Hugo.

- Utstillinga består av kunstnarar frå mange forskjellige land, Dabs Myla frå Australia, Nicolas De Genova frå Italia, M-City frå Polen, Sixten frå Sverige, og Dolk og Pøbel frå Noreg, noko som vi synest er kjempeflott, seier Hugo.

- Vi trur det blir ei svært publikumsvennleg utstilling med mykje forskjellig. Eg hadde med meg son min på åtte, og han synest det var kjempekult. Så vi håper at vi treffer eit breitt publikum med denne utstillinga, seier Hugo.

Frå by til bygd

Kunstnarane sine verk er å sjå på veggar i byar som til dømes Berlin, Stockholm, København, Bergen, Barcelona, New York, Melbourne og Tokyo. No får vi sjå kunsten deira i studioet på Flø.

- Dette er kunst ein ikkje vanleg vis brukar å sjå på denne type galleri. Kunsten er typisk for byar. Men vi er no svært stolte av å få presentere ”street art-utstilling”  her på Flø, med den flotte kontrasten vi har rett utanfor vindauget med havet og bølgjene som slår inn i fjøra, seier Hugo.

Står ut året

Utstillinga vil stå ut året, og har også ope i romjula. Forhåpentlegvis til glede for dei som er heime i jula, sere Hugo.

Prisane vil ligge mellom totusen kroner for dei billigaste trykka og opp til førti tusen kroner for dei dyrare måleria. Gjennomsnittsprisen vil nok vere mellom sju – og tolv tusen kroner. Men det er framleis litt tidleg å seie dette sikkert, seier galleristyrar Audun Hopland.

– Om vi får selt alle bilda skal eg og Hugo bade i fjøra på Flø måndag morgon, legg Audun leande til.