Sjå bileteserie i toppen av saka og Instagrambilete i botnen.

Fram mot premieren kan du sende inn dine bilete av hender på fleire måtar. Dersom du nyttar Instagram kan du nytte emneknaggen #handami, og då vil bileta automatisk dukke opp i ei eiga fane under Facebook-sidene til Vikebladet Vestposten.

Om du ikkje har Instagram, men vil dele eit bilete med oss, så kan det sendast inn på e-post til andreas.bjerknes@vikebladet.no, så kan vi publisere biletet for deg.

Dersom du har ei spesiell historie knytt til hendene dine, eller hendene du tek bilete av, så er vi veldig interesserte i å høyre litt om den.

25. april har kortfilmen «Ishavshanda» premiere på ­Ishavsmuseet Aarvak. Filmskaparane Sturla og Are Pilskog i Blåst Film har i samarbeid med Ishavsmuseet laga ein heilt spesiell film, der fokuset ligg på hender forma av hardt arbeid i is, vind og kulde.

Samlar inn hender

Brørne har kombinert fantastiske naturbilete, historiske filmsnuttar frå ishavet, samt historier frå tidlegare fangstmenn i isen.

I forkant av premieren håpar Are Pilskog på å setje fokus på eit av dei viktigaste arbeidsreiskapane vi menneske har, hendene våre. Vikebladet Vestposten har no saman med Are Pilskog og Ishavsmuseet sett i gang eit samarbeid for å få samla bilete av hender i alle mogelege variantar.

Håpet er å kunne samle alt frå små barnehender, vakre kvinnehender, datahender, hendene til verftsarbeidarar, frisørar og bønder, ja rett og slett hender i alle former og fargar.

Tenkje over hendene

– Tanken er at vi kan samle hender av alle typar, og så vise dei fram i samband med premieren fortel Pilskog.

I tillegg vil Vikebladet Vestposten samle bileta på sine facebook- og nettsider.

Are Pilskog fortel at han håpar folk vil tenkje meir over hendene sine.

– Når ein ser filmen så håpar eg ein kan tenkje over kva hendene våre har betydd for kulturen vår og for det samfunnet vi lev i, seier han.

Tips frå filmskaparen

Are Pilskog har samla nokre fototips under arbeidet med «Ishavshanda».

– Det er viktig å kome nært nok og gjerne zoome litt inn så ein får isolere handa. Ein kan godt prøve å ha ryddige bakgrunnar, slik at hendene kjem i fokus, og så er det viktig å ha nok lys, seier Pilskog.