Der las ho frå si nye bok «Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz».

Boka handlar om eit søsterforhold, om Jenny som ser tilbake på året som er gått, og på barndomen. I boka er det Jenny som er forteljaren. Ho har mista mora, og søstera Solrun slit med ein forverra russituasjon.

Boka er gitt ut for vaksne, men Marit Kaldhol meiner den er like aktuell for ungdom og dei heilt unge vaksne.

Faren til Kaldhol er frå Hareid, og ho har sjølv hytte i Snipsøyrdalen.

Om lag 20 personar møtte opp til forfattartreffet på Hareid folkebibliotek.