Norges Fotografforbund har hatt Landskonkurranse. Det kom inn 658 fotografi frå 164 fotografar.

Resultatet for fotografane frå Møre og Romsdal vart 1 gull, 11 sølv, 36 bronse og 258 Heiderlege omtalar. Årets fotograf vart Christin Eide frå Bergen.

Cecilie Hatløy frå Ulstein fekk i år premiert to av bileta sine i landskonkurransen. Ho fekk bronsemedalje for biletet "Never lose faith" og Heiderleg omtale for biletet "Feral child".

Dette er første gongen ho blir premiert under landskonkurransen. Hatløy driv fotostudioet Lykkeliten Studio AS på Dimna som har spesialisert seg på nyfødt- og babyfotografering. Samstundes har ho alltid eit eller to spennande prosjekt på gang. Ho likar godt variasjon i oppdraga sine. På landsmøtet vart Cecilie Hatløy også valt inn som nytt styremedlem i NFF. Møre og Romsdal Fotograflaug set stor pris på å vere representert i styret på landsplan og ønskjer henne lukke til i arbeidet.

Utflytta ulsteining

Miriam Skeide Brandstad er opphavleg frå Ulstein. Ho har flytta til Averøy og gjort draum til røyndom. I 2012 starta ho opp som fotograf med eige studio på Averøy.

Ho fekk Heiderleg omtale for fotografiet "Tvillinger".

Sjuandeplass til Ma Ortiz

I same landskonkurranse kom Ma Ortiz på sjuandeplass. I fjor vart ho heidra med prisen Årets barnefotograf. I år fekk ho antatt alle dei fire bilete ho leverte inn. Ho fekk bronsemedalje for brurebiletet "Passion" og tre Heiderleg omtale for bileta sine i kategorien Barn.

Ma har ved fleire høve hevda seg i toppen i landskonkurransen. Ho driv fotostudio på Liadal i Ørsta. Ho er også kjent for utstillinga si med bilete frå prosjektet "Tyll på Tind". Dette prosjektet har også resultert i bokutgjeving.