På starten av årets Ferskingkonsert nyleg, ved Hareid musikk- og kulturskule var stemninga både forventningsfull og spent.

Mange av dei ferske elevane både grudde seg og gledde seg til det vart deira tur å vise litt av kva dei har lært. Men det gjekk veldig bra. Sjølv om nervane låg litt utanpå, var det lure smil å sjå i alle ansikta. Publikum fekk høyre både song, piano, keyboard, fiolin og nokre blåseinstrument.

Ekstra stas var det nok når alle var ferdige med sitt innslag, og samtlige fekk kome opp att på scena å motta diplom for vèl gjennomført konsert! Ei triveleg og musikalsk stund for alle som fekk høve til å sjå og høyrde på desse flinke borna.

TEKST OG FOTO: HAREID MUSIKK- OG KULTURSKULE