Sunnmøre Summer Dance Camp og Sparebanken Møre inviterer dansarar frå heile fylket til Ulsteinvik denne sommaren. Arrangementet går av stabelen 23. – 27. juni på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik. Dette er eit arrangement med formål å samle dansarar knytt til Møre og Romsdal fylke.

Dans og sosialt samvære

Dansecampen er for dansarar frå 12 år og oppover, alt frå dei litt ferskare til profesjonelle dansarar og pedagogar.

– Vi tilbyr ei innhaldsrik veke spekka med dans og sosiale sommarkveldar, og dette under dei beste forholda, seier primus motor Alexander Sunde.

– Vi disponerer to store dansesalar, samt tiltrekkande butilhøve på SUFH. Alt under same tak, legg han til.

Den som ønskjer å vere med må melde seg på innan 15. mai.  Ein melder seg på via nettsidene til Sunnmøre Summer Danse Camp (SSDC).

Alexander er fødd og oppvaksen på Hareid, og har dei siste fjorten åra budd i Oslo der han jobbar som dansekunstnar og koreograf.  Utdanninga si har han frå Statens Balletthøgskole i Oslo der han tok hovudfag i jazzdans.

Kreative møteplassar

Sparebanken Møre er hovudsponsor for dette arrangementet.

– Vi ynskjer å være med på å utvikle møteplassar for dei kreative områda, fortel banksjef Melinda Skeide i Sparebanken Møre Hareid. Denne dansecampen må være ei oppleving å få være med på, her får ein møte dyktige dansepedagogar og koreografar, og ein får høve til å delta i eit breitt spekter av danseklasser og workshops, fortset ho.

Dansecampen legg til rette for at dansarar frå heile fylket kan møte andre med same interesse, bli inspirert av kvarandre, og ha det kjekt saman. I tillegg får ein eit variert kurstilbod, med en rekke pedagogar som har spesialisert seg innan sitt felt. Deltakarane får ein unik oppleving, både faglig og sosialt.

– Det er lett for at dansaren held seg til sin institusjon, i sin kommune. Denne veka i året er målet å sprenge disse grensene, fortel Alexander vidare. Sidan det ikkje er så vanleg med konkurranser og turneringar i dans som kunstform får ein heller ikkje det same møtepunktet som idretten har. Difor meiner vi at dansecampen er viktig, held Alexander Sunde fram.

– Vi er veldig stolte og glade for å kunne tilby denne fantastiske veka. No er det opp til fylkets dansarar å melde seg på, og vi håper at også flest mulig av fylkets utflytta dansarar vil ta turen heim. Ei stort takk til Sparebanken Møre som gjer dette mogeleg, avsluttar Alexander Sunde.

– Vi ynskjer å være med på å utvikle møteplassar for dei kreative områda, fortel banksjef Melinda Skeide i Sparebanken Møre Hareid