25. april er det klart for ei lidenskapeleg oppleving på Sjøborg i Ulsteinvik.

Etter eit kvileår arrangerer Ålesund Kammermusikkfestival ein sunnmørsturne der dei gjestar stadene Ålesund, Brattvåg og Ulsteinvik med storsatsinga frå 2011, «Maria de Buenos Aires. Dette er ein tango-opera skapt av argentinarane Astor Piazzolla og poeten Horatio Ferrer.

Dette er Piazzolla sitt største musikkverk, og fleire av de 17 satsane er mellom dei beste og mest kjende komposisjonane hans.

Arrangørane byggjer oppsetninga på same musikarane som sist, med eit 10 manns tango-orkester under leiing av den eminente bandoneonvirtuosen Per Arne Glorvigen.

Forutan pianist Sverre Indris Joner og bassist Steinar Haugerud, kjend frå mellom anna «Tango for 3» og «Hovedøen Social Club», har resten av musikarane tilknyting til regionen. Den gjennomgåande og samanbindande forteljarrolla har Carlos Alberici. Daniel Amaro er, som i 2011, tenorsolist, men når det gjeld tittelrolla «Maria» har vi denne gongen gått helt til topps og gjennom Per Arne Glorvigens kontaktnett henta inn Julia Zenko. Ho er kanskje verdas fremste tolkar av denne rolla, og er ein svært populær og kjent songar i heimlandet sitt.

Frå Tokyo

I ein opera er det visuelle viktig, og for å live opp tangomusikken har vi også vore svært heldige å få henta hit tangoparet Carolina Alberici og Enrique Morales heilt frå Tokyo. I tillegg til å vere utøvande tangodansarar driv dei både tangostudio og akademi og instruerer også det japanske kunstløpslandslaget i musikalitet og rørsle. Dette er deira første besøk i Norge. Alt ligg dermed til rette for å at vi skal kunne overgå kva vi tidlegare har greidd å skape, ikkje minst med denne fantastisk fengande musikken som på mange måtar trekkjer fram det beste frå populær-, danse-, folke- og kunstmusikken.