Iris Roppen Tangen (perkusjon), Hildegunn Garset Ulvestad (gitar og vokal) og Maria Holand Tøsse (vokal) starta den musikalske påsketurnéen sin i Hjørungavåvåg.

Gymsalen til Hjørungavåg skule var fylt til randen då dei tre Sans-jentene kom marsjerande opp på scena. I ei salig blanding av kjende pop-låtar, litt funk og jazzprega musikk sette dei publikum i stemning frå første stund.

Blant songane var Nora Jones sin «Dont know why», «Rolling in The Deep» og voldingen Egil Olsen sin «Sing a Songwriter».

Sans hadde fått med seg Georgie Paskalev på bass, og dei djupe tonane frå gitaren hans gav ei ekstra fylde til musikken.

Paskalev er lærar ved Fagerlia vidaregåande skule, og det var akkurat der Sans-jentene fann kvarandre musikalsk for ni år sidan. Dei starta først bandet «Female Instinct», så «Mellinfluous Lunacy» og deretter «Inste grana». No har dei gått over til «Sans», enkelt og greit.

Iris Tangen Roppen er frå Hjørungavåg, Maria Holand Tøsse frå Stordal og Hildegunn Garseth Ulvestad frå Sjøholt.

- Eg må seie eg er overraska over kor mykje folk her er, sa Iris Roppen Tangen og speida utover publikum i gymsalen på Hjørungavåg skule.

- Skikkeleg gøy, la ho til.

Og det var akkurat det det var: ein skikkeleg gøy konsert. Den mest ordrappe av dei tre er utan tvil Maria Holand Tøsse. Ho flørta med publikum og heldt det gåande med kjappe replikkar mellom songane. Men det som imponerte aller mest var den proffe musikalske framføringa. Iris Roppen Tangen si traktering av rytmeinstrumenta, Hildegunn Garseth Ulvestad sitt gitarspel og Maria Holand Tøsse si songstemme var saman med koringa til Roppen Tangen og Garseth Ulvestad ei musikalsk gledestund.

Konserten i Hjørungavåg var delt i to bolkar. I pausen var det sal av kaffi og kaker frå eit bugnande kakebord, og Iris Roppen Tangen nytta høvet til å takke både kakebakarane, Hjørungavåg skulekorps, Hjørunavåg brass og mora Wenche for hjelp og støtte.

Til slutt vart det ståande applaus og ekstranummer. «I will wait for you» var eit av nummera deira. Og lett omskrive er vi mange no som ventar oss meir av Sans.