Ulstein Mannskor har medlemer frå Ulstein kommune, og frå nabokommunane. Eigne framføringar og samarbeid med kor i nabokommunane har ført oss til kyrkjer og stemneplassar, skip og scener, både i fest og kvardag.

Koret har hatt eit aktivt år, og mellom anna stilt opp for publikum19 gongar. Der har koret framført heile 161 songar, av dei 68 songane som sto på repertoaret dette året. Dette krev øving og fornying, som skjer i øvingslokala på Ulstein vidaregåande skule kvar måndags kveld.

Av spesielle tiltak kan nemnast avslutting av Evert Taube prosjektet i Ørskog Samfunnshus og deltaking på Landfestivalen for kor i Ålesund.

Planane for dette året er tur til Latvia og Estland i august og jubileumskonsert på Sjøborg i november, for å markere at Ulstein Mannskor er 130 år dette året.

Årsmøtet ga styret ny tillit, slik at desse held fram: Otto Botnen leiar, Ottar Kaldhol nestleiar, Oddmunn Gjerdsbakk kasserar, Lars Omenås sekretær, Jon-Rune Skorgen styremedlem.

Medlemsmassen har vore ganske stabil i fleire år, men etter eit krafttak sist haust for å få med nye karar i rekkene, tel koret no 34 songarar. Slik sett ser mannskoret optimistisk på framtida, men ser gjerne at fleire vil vere med oss!