Han har spelt saman med stjerner som Elvis Presley, Liberace og Johnny Cash. 30. april kjem han til Herøy kyrkje.

Donnie Sander vert av mange rekna som ein av verdens beste saksofonistar. Han har vore mykje på farten og spelte i orkestert til Elvis Presley i to år. Han har også spelt for Bob Hope, Paul Anka, Kenny Rogers og Liberace. Han var i fleire år fast engasjert ved Caesars Palace i Las Vegas. Dette livet la han bak seg då han valgte å verte ein kristen.

Akkurat no turnerner han saman med evangelisten Wiggo Wilhelmsen og onsdag 30. april gjestar dei Herøy kyrkje med konsert som vert prega av Guds ord og ein solid porsjon country-gospel.