Ordet "Jesus" er det påskerelaterte ordet norske media har nytta nest mest i dagane fram mot påske. Det melder nettutgåva til fagbladet "Journalisten".

Analyseselskapet Retriever har registrert slike ord i tida frå 1. april og fram til og med tysdag i påskeveka og har notert seg  "Jesus" 1200 gonger. "Påskeferie" er det mest brukte ordet, med 1442 tilfelle.

I følgje "Journalisten" forklarer kunde- og analysesjef Kristina Nilsen i Retriever at ordet «påskeferie» gjerne vert nytta i samband med hendingar i påska.

- Ser vi bort frå det generelle ordet påskeferie er det «Jesus» som er kongen av påska, også i media. Særleg har lokalavisene mykje påskestoff der Jesus er sentral, som til dømes reportasjar frå barnehagar eller intervju med soknepresten, seier Nilsen.

Ulike påskequizar er også med på å gi ordet «Jesus» ein plass mellom dei mest brukte påskeorda..

Retriever har kome fram til at dette er dei mest brukte påskeorda i norske media.

Påskeferie  ......  1442

Jesus  .............  1200

Påskefjellet  .......  524

Påskeegg  .........  503

Påskesol  ...........  301

Kvikk Lunsj  ......  191

Påskehare  ........  163

Påskekylling  .....  115

Korsfestelse .....   112

Påskelam ........   107

Påskequiz  .........  89

Påskemorgen ..... 87

Hosianna ............ 65