Skilta blir plasserte forskjellige plassar i Hareid og Ulstein, og det gjeld å notere seg namna som står på postane. Men offisielt har ikkje årets fjelltrim starta enno.

– Karta kan ein få tak i ved sportsbutikkane i Ulsteinvik frå og med 30. april. Også i kiosken ved Haddal stadion kan ein få kjøpt kart. Turane er lagt opp slik at fleire høver både for rullestolbrukarar, barnevogner og eldre, og ein treng berre samle fem postar for å vere med i trekninga av gåvekort, og borna får sjølvsagt diplom. Postane vert ståande ute til 15. oktober, skriv Haddal IL i ei pressemelding.

- Ny bestenotering

Sekretær i Hareid IL sin trimgruppe, Leiv Arne Grimstad, fortel at årets fjelltrim er den 25. i rekkja. Dei fleste postane er plasserte ut, men karta kjem ikkje i sal før neste veke. Hareid IL set ut 25 skilt, og ein må finne 12 av dei for å få premie.

– I fjor selde vi 417 kartmapper, og 300 leverte inn. Det var ny bestenotering. I 2012 var det 228 som fekk premie, seier Grimstad, som har lagt merke til at enkelte har «tjuvstarta» på årets fjelltrim.