Lukta av bensin, olje og svidd gummi frå fleire hundre amerikanske køyretøy kan berre bety éin ting her i regionen, det årvisse Amcar-treffet på Mjølstadneset 1. mai. Hit hadde fleire tusen menneske også i år tatt turen for å sjå amerikanske bilar frå ulike tiår sole seg i glansen. Det, til trass for skiftande bygevêr og låge temperaturar.

Totalt 2.500 personar var innom treffet i løpet av dagen. 187 amerikanske bilar, 10 bilar i gjesteklassen og 21 motorsyklar stod pent og ryddig parkert på den store asfalterte parkeringsplassen. I mellom gjekk interesserte publikummarar og diskuterte med bileigarane.

Vinnarar frå UlsteinFrå Ulsteinvik hadde Roger Brudevoll reist med sin GMC Truckmaster, som han vann prisen for beste van med. Georg Haddal frå Haddal køyrde heim att med prisen for beste Hot Rod, for sin Ford Delivery frå 1946.

Morten Rundereim frå Oppdal vann prisen for lengste distanse, då han hadde køyrt 420 kilometer til treffet i sin Cadillac Deville Cupe frå 1978.