Når det nye Fosnavåg konserthus opnar dørene 23. og 24. oktober, vert dette markert med ein storstilt konsert. Mellom artistane er gruppa Apparatjik, der tidlegare Aha-medlem Magne Furuholmen er med, og Kringkastingsorkesteret.

Under ein pressekonferanse fredag avslørte arrangementsleiar Bjørn Holum litt av det som vil skje i samband med opninga.

Også gruppa Apparatjik vert med når kulturhuset opnar. Biletet er frå ein konsert på Flø der orkesteret installerte seg inne i ein kube. OM ein får sjå meir til bandmedlemmene når dei spelar i Herøy er uvisst.