I høve Opplev Hareid hadde gruppa "Mandarinsaft" førestilling på Hareid bedehus fredag føremiddag. Om lag 200 born møtte fram.

Det er den Trondheim-baserte duoen Bendik Ulla og Even Moen Jenssen som utgjer gruppa Mandarinsaft. Dei har gitt ut fire CD-ar og turnert med ulike framsyningar i fleire år.

Showet på Hareid bedehus vart kalla "I verdens hemmelige hage". Mandarinsaft både spelte ulike songar og fortalde historier elles.