Laurdag var det eit nydeleg vêr i Hareid sentrum. Mange såt ut til å kose seg i Hareid sentrum denne fine sommardagen. Der var gratis frukost på Hareid bedehus, opning av kunstutstilling, tivoli, bilutstilling, borna kunne ta ein tur med den populære Eliasbåten, sjå på ulike utrykkingskøyretøy og i Hareid kyrkje fortalde Greta Goksøyr og Lidvar Rise om symbol i kyrkja.

Sundag var det noko gråare og våtare, men det kom likevel greitt med folk til gudsteneste på Aarvak, ishavsmuseet, Holesanden og open gard i Hjørungavåg.