Indiefjord er namnet på Bjørke sin nyskipa indiepopfestival. På spelelista står band frå både Sverige og Storbritannia, og saman dei skal fylle den vesle fjordbygda med song og musikk i helga som kjem.

Søndag får Bakketunet besøk av to lovande band som held konsertar i kulisser dei sjølve har valt. Det første bandet som speler i tunet, er Dennis Höllstrom & The Ponys frå Malmö. Bandet sitt lydbilette byrja å ta form då Dennis Hollström fann ein kassett av Johnny Cash i faren sin bil. Facinasjonen for den taktfaste countrymusikken la grunnlaget for hans eige musikalske uttrykk. Ut kom country/folk og bluesaktige songar blanda med indie/rock-sjangeren. Denne rytmen har følgt han sidan. Det andre bandet som skal spele i Bakketunet er Enderby’s Room frå London. Dei er skildra som eit  band som speler i harmoniske tonelag. Musikken gruppene speler, er til å like for både dagens ungdom og for dei som gjekk berrføtte på 60-talet.  Stikk ein markblomster i håret, og kom og opplev melodisk visepop på sitt beste i vakre omgjevnader!

For dei som ikkje har fått med seg Monica Flakk og Maria Bjørlykke si masterfagutstilling i design og billedkunst, er utstillinga framleis å sjå i kammerset denne helga. Hovudutstillinga med Øystein Tømmerås heng i kufjøset fram til 1. august.

I høve indiepopfestivalen held Bakketunet også ope laurdag. Denne dagen kan svoltne festivaldeltakarar og andre besøkande bruke steinomnen til pizzabaking, medan søndag er det vanleg kaffimat og grautservering.