Den offiselle opninga av parken er etter planen ikkje ikkje før under Trebåtfestivalen i august, men laurdag ettermiddag fekk unge og tolmodige skaterar endeleg få teste ut den splitter nye parken.

Det var nokre spente gutar som hadde møtt fram for å vere dei første til å skate rundt.

- Det kjennest bra at vi endeleg har fått ein park her. Det var på tide i alle fall, seier Isak Eksund.

Venta i fire år

Den etterlengta parken gir skaterar moglegheita til å utfalde seg i kontrollerte forhold. Det vert set stor pris på.

- Vi har vel venta på dette i om lag fire år no. Så det skal bli «digg», seier ein oppglødd Eldar Djupvik Johansen.

Eksund meiner at det også kan føre til eit meir variert tilbod.

- I tillegg skal det bli herleg å lære seg litt meir elementskating, og ikkje berre street skating.

- Ligg bra til

Parken ligg på Vikholmen, like ved småbåthamna. Det trur Eksund kan vere praktisk både med tanke på framkome og med tanke på varme sommardagar.

- Parken ligg veldig bra til her. Den ligg ikkje midt i sentrum slik at folk vert irriterte over støy, for det har skjedd mange gonger. Og så er det veldig greitt for dei som har båt at den ligg like ved sjøen, smiler Eksund.

Med unntak av ein asfaltflekk som manglar like ved rampen i midten av parken, som gjer at det er vanskeleg å utnytte trappene skikkeleg, er det aller meste på plass.

Standard utstyr

Dei to unge skaterane forklarar denne parken er tilpassa for dei aller fleste. Det er derfor mogleg både både rutinerte og heilt ferske skaterar til å prøve den ut.

- Her står det ganske standard utstyr. Her er ei fartsrampe, ein «quarter pipe» og ei «fun box» på midten. I tillegg så er her air gap, ei rampe, ledge'ar, hand rails og hopp. Så eigentleg er alt det ein treng her, seier Eksund.

- Når ein startar med trappene så er ein kanskje litt meir erfaren, men fartsrampeen, quarter pipe-en og ei fun box-a kan også dei uerfarne bruke, legg Johansen til.