Spennande

- Å vere vertsfamilie er spennande, du vert betre kjent både med verda og deg sjølv. Du får ein ungdom inn i huset som skal vere som eit familiemedlem. Med andre ord treng ikkje huset å skine eller kjøkkenet alltid vere ryddig. Eit familiemedlem er med på kranglane og husråda, så det er ikkje ein gjest du skal ha i hus, fortel Marit Grønskei som er Generalsekretær i AFS Norge.

-Vertsfamiliar kjem i alle størrelsar og samansetningar; éin eller to vaksne, med små, store, vaksne eller ingen born, held Grønskei fram. Det viktigaste er at du er open for å ta imot ein ungdom i familien din, og ikkje minst i hjartet ditt. Som vertsfamilie knyt ein ofte band som varer livet ut.

Som vertsfamilie må ein stille med kost og losji, og hjarterom. Ut over det kan ein vere så vanleg som berre nordmenn kan vere! Dei aller fleste vertsfamiliar bur landleg til, og så lenge ein har sjanse til å komme seg på skulen går det bra!

- Ein treng ikkje føle at ein skal underhalde og gjere noko ekstra for utvekslingseleven; dei kjem til Noreg for å oppleve vanleg norsk kvardag. Berre det å skulle lage sin eigen matpakke ser mange på som eksotisk, avrundar Grønskei.

Halvparten manglar vertsfamilie

Studentane skal etter planen gå på ein norsk vidaregåande skule og bu saman med ei vanleg norsk familie, men framleis manglar nesten halvparten vertsfamilie. AFS håpar at familiar i Ulstein vil opne heimane sine for eit nytt familiemedlem

Generalsekretær i AFS Norge meinar at det å vere vertsfamilie er svært spennande og ein får minner for livet. Foto: AFS