- I sommar skal eg ikkje gjere stort anna enn å drive kafé. Men å bruke sommaren i kafeen er i grunnen heilt topp, fordi eg trivast så godt. Sjølvsagt skal eg også nyte fineveret og ei god bok, fortel Anna Josegin Jønsson som har drive kafeen "Josefine" sidan mai i år.

Sommartid og "bakeånd"

- Hittil i sommar har det vore mykje folk innom kafeen, men eg ser det er svært vêravhengig. No når det er fellesferie og fint vêr er det ikkje like mykje folk innom kafeen som i starten av ferien. Men når det er mindre folk har eg betre tid til å bake fleire kaker. Kaker er godt uansett årstid, men det er ekstra kjekt å bake no om sommaren, fordi då får eg bruke sesongvarer. Ferske bær til både pynt og fyll blir hyppig brukt.

- På programmet for sommaren utanom herleg bakst står det forhåpentlegvis ein intimkonsert i løpet av seinsommaren, avslørar Anna Josefin fornøgd.

Josefine

- For fem år sidan døde mi kjære farmor, Josefine. Ho var min beste venn, så det var svært tungt å ta avskjed. Åra som følgde var lange og tunge, og kafé var ikkje akkurat i tankane. Men etterkvart vaks lysta til å skape noko for meg sjølv og andre. Ideen om å opne kafé vart til, og Josefine var det naturlege valet av namn. I starten vart namnet valt mest fordi eg synest Josefine er eit svært koseleg namn til ein kafé, og sidan eg sjølv heiter Josefin vart det så naturleg. Men i ettertid har eg tenkt mykje på at eg også er svært glad for at farmor, Josefine, også får vere ein del av det.

- Eg likar at folk kan tolke namnet slik dei ønskjer. Avdelinga der farmora mi budde på sjukeheimen kjem ofte for å få seg litt kaffi og kake, noko eg synest er veldig koselig. Dei tolkar sjølvsagt at namnet er for å heidre mi flotte farmor. For ungdommar som ikkje kjenner meg så godt, og andre som ikkje er herifrå, er ofte fokuset at dei synest manet er koseleg og at det passar godt som kafénamn.

"Become your dreams"

Sentralt i kafeen heng eit bilete av ei flott dame, og ein "banner" med eit visdomsord.

- Portrettet er av farmora mi, og vart teke av farfaren min då dei var unge. "Banneren" som heng under bilete "become your dreams" betyr svært mykje for meg. Sitatet har hengt på rommet mitt heilt sidan før eg blei sjuk, og før farmor døde. Eg minnast eg brukte å sjå på det kvar kveld før eg sovna. Eg hugsar også at eg ofte vart fortvila og irritert av å sjå på det, sidan eg ikkje klarte å realisere det då. Men no forstår eg meininga med det.

På veggen heng farmora Josefine. Rundt biletet heng det små fotografi av prosessen, frå draum til realitet. Anna Josefin Jønsson har realisert draumen sin ved å opne kafeen Josefine. Foto: Arkiv foto