Kva er sommar for deg?

1. Therese Holstad:

-Sommar er å vere på stranda og bade, vere ut i sola, og å reise på Norway Cup.

2. Bjørn Overå:

- Sommar for meg er det å få styre med noko anna en ein vanlegvis gjer. Få oppleve Overåsanden slik den er no, og å nyte tilveret og finevêret.

3. Hege Baade:

- Sommar for meg er slik vi har det no. Å kunne sitje på stranda å kose seg i sola.

4. Torstein Holstad Sivertsen:

- Sommar er fint vêr slik som no, slik at ein kan fare på stranda og fine fjellturar saman med venner.

5. Sofie Bakkejord Mork:

- Sommar for meg er å kunne gå på stranda, ete is og det at vi har fri frå skule. Norway Cup forbind eg også med sommar.

6. Tobias Baade Valderhaug:

- Sommar for meg er å ha det gøy saman med venner, spele fotball og å ha fri frå skule.