Moseldalen er eit av dei mest idylliske områda i Europa , og eit eldorado for sykkelturistar. Her er det vinmarker så langt auget kan sjå, tallause middelalderlandsbyar, gamle borger og slott som ligg etter kvarandre på rekke og rad.

- Vi ville ha ein annleis ferie, der vi kunne få alt i ein pakke. Både kultur, trim og fine opplevingar. «Merlot reiser» var det reiseselskapet vi valte når vi planla turen. Eg og Inger hadde sykla med same selskapet i fjor, då sykla vi langs Donau i Austerrike. Opplevingane frå den turen var fantastiske, og vi ønskja sjølvsagt då å dele dei med mennene våre, fortel Irene.

Turen startar i regionen Lorraine i nord-aust Frankrike, og følgjer elva Mosel forbi Luxembourg og heilt nord til Koblenz i Tyskland.

- Den 4. juli var dagen komen og vi tok fly frå Vigra til Paris. Vidare tok vi tog til Metz og overnatta ei natt på hotell. Turen var svært bra opplagt, og frukosten var klar klokka 08:00 kvar morgon. Representantar frå «Merlot Reiser» var på plass første dagen og vi fekk utdelt syklane som vi skulle ta oss fram med resten av turen. Syklane var gode og alle hadde sykkelveske, flaskehaldar og 24 gir, fortel ein begeistra gjeng.

Sykla 300 kilometer

- Første etappa gjekk frå Metz til Remich, ei fin etappe på 38km. Det var svært fine forhold, og vêret var bra. Dag to gjekk turen frå Remich til Tier. Tier er Tysklands eldste by, så her var det mykje fin kultur. Dei neste dagane blei vêret litt annleis en vi hadde sett føre oss, men vi fekk tak i "regnponsjoar" og sykla vidare. Det at veret blei dårleg, var igrunnen ei oppleving i seg sjølv.  Resten av turen sykla vi frå Tier til Trittenheim, frå Trittenheim til Zell, frå Zell til Cochem og frå Cochem til Koblenz. Vi sykla tilsaman omlag 300 kilometer, men etappene var fint delt opp og vi tok det i det tempoet vi sjølv ønska.

Sykla den vegen elva renn

- Det var svært gode sykkelvegar. Vi sykla forbi både borger og imponerande vingardar, kyrkjer og kloster, landsbyer og litt større byar som Metz, Trier og Koblenz. Vi sykla fredeleg gjennom det vakre og romantiske landskapet og stoppa akkurat der vi ønska.

- Vi sykla den vegen elva rann, og den rann nedover, seier Hans Petter og smilar.

- Vi vil seie at turen passar for dei aller fleste. Turen kan nok vere litt krevjande for små born, sidan nokon av etappane var litt lange, men ein treng på ingen måte å vere  «topptrent». Ein sykla i det tempoet ein sjølv ønskjer. Om ein ikkje har anledning til å sykle sjølv er det også tilrettelagt slik at ein kan låne elektriske syklar, fortel gjengen.

Fridomskjensle

- Einaste plikta vi hadde var å vere oppe til klokka ni og ha koffertane ferdigpakka. Dette var fordi «Merlot Reiser» ordna transport av bagasjen til dei ulike destinasjonane vi kom til, fortel Grete.

- Anna enn at bagasjen måtte vere klar, var resten opp til oss. Vi planla kvar vi ville sykle ved hjelp av eit kart vi fekk utdelt i starten. Vi kunne stoppe akkurat når vi ville, nyte attraksjonane og sykle i det tempoet som passa oss. Det var ei fantastisk fridomskjensle, seier den samstemte gjengen.