Vilkår

Kundesenter

Ønskjer du å bestille abonnement?


 

Klikk her og deretter videre på Bestill abonnement.

 

Har du spørsmål vedrørande abonnement? Send e-post til abonnement@vikebladet.no eller ring 70 01 85 00.

Generelle abonnementsvilkår

1. Gjeldande vilkår er dei som ligg på avisa si nettside.

2. Avisa kan når som helst endre prisen på abonnementet. Om abonnementet strekkjer seg over ein periode med ny og gammal pris, vil dette vere spesifisert på fakturaen.

3. Nye abonnementsprisar vert kunngjort på nettsida til avisa seinast 14 dagar før dei vert gjort gjeldande.

4. Fakturagebyr kjem i tillegg ved papirfaktura. Fakturagebyret fell bort ved Avtalegiro/eFaktura/kortbetaling.

5. Abonnementet vert betalt på forskot i samsvar med den betalingsperioden som er vald.

6. Dersom abonnementet ikkje vert betalt innan rimeleg tid etter forfall, vert levering av avisa stoppa og det vil bli sendt ut faktura for den tid avisa har blitt levert/ digital tilgang gitt.

7. Abonnementet er aktivt inntil det vert sagt opp. Ved oppseiing går abonnementet ut den perioden det er betalt for, men vert ikkje fornya.

8. Alle abonnement inkluderer enkelte digitale element.

9. Alle artiklar, fotografi, grafikk med meir vert stilt til rådigheit for vising/lesing. Kopiering eller utskrift til eige personleg bruk er tillate. Ytterlegare bruk og framstilling krev skriftleg avtale med avisa. Verksemder må ikkje mangfoldiggjere materiale til bruk for verksemda sine tilsette eller til kommersielt bruk. Dette gjeld også vidareformidling i elektronisk eller digital form. Det vert elles vist til lova om opphavsrett.

Spesielle vilkår for papirabonnementar

1. Papirleveringa kan flyttast til ny fast adresse utan ekstrakostnader*.

2. Du har moglegheit til å midlertidig omadressere til ei anna adresse, eksempelvis i forbindelse med ferie**.

3. Mellombels stopp i leveringa av papiravisa vert ikkje godskrive, då sjølve abonnementet er aktivt med tilgang til dei digitale tenestene.

4. Dersom papirleveringa ikkje blir levert, vil avisa sitt erstatningsansvar avgrense seg oppover til det beløpet som er betalt for i den perioden avisleveringa har uteblitt.

5. Ekstraordinære papirutgåver, eksempelvis påskeaftan, vert berre selt i laussalg, og er ikkje ein del av abonnementet. Eavis-utgåva vil fortsatt være inkludert så fremt denne er produsert.


* Om ny fast adresse er utanfor ordinære distribusjonsruter for avisa, kan det påløpe eit transporttillegg per leverte avis.

**Midlertidig omadressering av papiravis vil kunne medføre ekstrakostnader, avhengig av kor lenge omadresseringen gjeld og avisa ønskes sendt. Det er også mogleg å fryse avisen for omadresseringsperioden og berre nytte seg av den digitale tilgangen, noko som ikkje medfører ekstrakostnader på abonnementet.

Spesielle vilkår for digital tilgang

1. Alle prisar er inkl. mva. for dei digitale delane av abonnementet.

2. Abonnementet gir ein (1) personleg digital tilgang til plussartiklar i nettavisa, til dagens eAvis, til eAvis-arkivet og til enkelte andre digitale tenester.

3. Inkludert i abonnementet ligg eit familieabonnement. Dette gir abonnenten moglegheit til å gi ytterlegare familiemedlemmer i eigen husstand tilgang til dei digitale tenestene. Merk: I eigen husstand. Vi forbehalder oss retten til å endre antalet digitale tilgangar tilknytta kvart enkelt produkt.*

4. Dersom abonnenten ikkje er ein privatperson, men ei verksemd, kan denne gje digital tilgang til ytterlegare medarbeidarar*, på same måte som for familiemedlemmer. Denne verksemdsrelaterte tilgangen kan då brukast på verksemdas adresser eller på jobbreiser, o.l.

5. Verken abonnenten eller dei registrerte familiemedlemmene/medarbeidarane kan spre tilgangen ytterlegare.

6. Dersom tilgangen vert misbrukt eller spreidd ut over det tillatne,  kan avisa stengje tilgangen med verknad straks. Det gis ingen refusjon. Alvorleg misbruk kan bli meldt.

7. Den digitale tilgangen vert levert så lenge abonnementet er aktivt, også under evt. stopp i levering av papiravisa.

8. Et digitalt abonnement kan ikkje stoppast midlertidig eller flyttas til ein annan SPiD-konto i avtalt abonnementsperiode.

9. Forseinkingar på digitale utgåver vert ikkje godskrivne.


*Antalet tilgjengelege delingar finn du på avisa si «Min side».


Spesielle vilkår for UNG

1. Gjeld t.o.m. det året du fyller 33 år*. 

2. Abonnement er berre digitalt og inkluderer eAvis og alle artiklar på avisa si heimeside.

3. Abonnement føreset at vi kan kommunisere med deg per e-post og telefon, slik at vi blant anna kan gi deg påminning før abonnementet blir endret pga. oppnådd aldersgrense**.


*Avisa forbeheld seg retten til å kunne endre øvre aldersgrense for nye abonnentar.

** Abonnementet blir automatisk flytta til ordinært digital abonnement når abonnenten passerer aldersgrensa til produktet.


Spesielle vilkår ved kjøp på nett

1. Det er 18-årsgrense for kjøp frå nettbutikken til avisa.

2. Kjøpet kan hevast innan 14 dagar. Ta kontakt med avisa sitt kundesenter ved spørsmål om heving av kjøp.

3. Dersom du ønskjer å reklamere på vara du har kjøpt, ber vi deg ta kontakt med kundesenteret vårt.

4. Ved kjøp via nettsidene aksepterer vi berre Visa og MasterCard som gyldige betalingsmiddel.

5. Etter gjennomført kjøp vil du få ei kvittering på e-post. Kvitteringa vil også vera tilgjengeleg på din SPiD-konto.

6. Alle abonnement vert betalt på forskot i samsvar med den terminen som er vald. Tilgang til digitale tenester blir normalt aktivert ved kjøp. Ved manglande betaling vil abonnementet bli stoppa og restnota blir berekna til ordinær pris for perioden abonnementet har vore aktivt. Du vil få faktura for ditt abonnement frå det enkelte mediehus.


Avisa brukar kundeopplysningane til å oppnå større kunnskap om sine abonnentar, slik at avisa heile tida kan forbetre produkta. Når det gjeld informasjon som er oppgitt på brukarkonto, samt informasjon knytt til transaksjonar, har avisa felles behandlingsansvar med Schibsted Payment AS som leverandør av SPiD-tenesta. Opplysningane vert ikkje vidaresende eller selde til andre tredjepartar, og vert oppbevart i samsvar med norsk lovgiving. Abonnentar må sørge for at avisa heile tida har riktig kontaktinformasjon.

Kundesenter