Den greske filosofen Heraklit meinte at «alt flyt». Han illustrerte dette ved å seie at du kan ikkje stige ned i same elva to gonger. Dette er eit godt bilete på kulturen. Han er også i stendig endring, ja, nærast frå time til time med dagens nettbaserte, globale massemedia. Nye kulturovringar renn i ein strid straum over skjermen. Ei fime som sprett opp i Los Angeles eller Berlin eine dagen kan me vere visse på å finne kopiert på Facebook eller Instagram her heime dagen etter.

På bakgrunn av dette stiller eg meg undrande til dei som åtvarar om at den norske kulturen er truga. Det er helst dei sterkt innvandringskritiske som marmar om dette, og styggen dei målar på veggen er «det multikulturelle eksperimentet», som dei hevdar er mislukka og trugar norsk kultur.

Men den «norske» kulturen er også som Heraklit si elv. Det «multikulturelle eksperimentet» tok til for meir enn tusen år sidan.

Gettofiseringa av hovudstaden

Allereie på 1100-talet kom hanseatane – ubedne – og slo seg ned i hovudstaden Bergen. Snakk om framandkulturelle. Dei tala eit kaudervelsk som ingen forstod, hadde namn som ingen nordmann kunne uttale, sprada rundt i komiske hattar, isolerte seg i gettoar og sette born på norske tenestejenter.

Etter kort tid hadde dei teke over heile den norske butikken, dvs. eksporten av fisk. Etterkomarane deira er her framleis med familienamn som Meyer, Schmidt og Friele.

I Bergen finst det enno ein innvandrargetto frå hansatida som ikkje har vorte riven. Rett nok har han  har vorte sett fyr på nokre gonger. No er gettoen ein juvel i det norskaste norske. Bryggen i Bergen er  eit av dei aller fyrste kulturminna som fekk plass på lista over verda sin kulturarv då den vart oppretta av FN i 1979. Ein tysk getto.

Var hanseatane eit mislykka multikulturelt eksperiment? Eg trur me kan slå fast at hanseatane lærte oss eitt og anna både om rekneskapsføring og internasjonal handel. Det er ein kunnskap me har hatt nytte og inntekt av sidan, trass i at hanseatane viste liten vilje til å integrere seg og føye seg etter norske seder og skikkar. Tvert om, det var me som tok etter dei, framandkulturen vart vår eigen kultur, den norske.

Det norske grunnfjellet vert sprengt

Etter hanseatane kom det bylgje på bylgje av engelskmenn, hollendarar og skottar, ubedne dei også. I nord kom ein strid straum av finnar over grensa til Troms og Finnmark. Alle sette sitt preg på norsk kultur, noko me mellom anna kan finne att i familienamn og ordtilfang.

Noreg består stort sett av fjell, og me ante ikkje kva rikdom me bokstavleg talt sat på før me vart invaderte av ei ny bylgje av utlendingar. Igjen var det tyskarar. No tok dei føre seg av innlandet og byrja å sprenge hol i fjellet vårt. Opphalds- og arbeidsløyve var det vel smått med. Dei bygde seg gettoar. I fritida lærte dei oss gammaldans som polka og reinlender - og sette born på norske tenestejenter.

Slik oppstod norsk gruveindustri. Det er framleis  ei gullkanta næring, og enno finst det restar av desse framandkulturelle gettoane midt i den norske fjellheimen. Ein av dei er Røros. Er Røros norsk? Igjen finn me ein framandkulturell getto på lista over det norskaste norske med plass på World Heritage List.

Ein forargeleg ost med hol i

Er Jarlsberg-osten norsk? Ein ost me sel i store mengder til heile verda. Rett nok med svidande tap, men me synest det er så kjekt at utlendingane vil ete ekte, norsk ost. Eigentleg er Jarlsberg ein sveitserost. Osten er arv frå ei bylgje av sveitsiske innvandrar som kom hit på byrjinga av 1800-talet og vart ryggrada i norsk meieribruk. Sveitsisk blod renn nok framleis gjennom årene på gode nordmenn, for sveitsarane sette truleg born på norske meiersker.

Sveitserosten vart sikkert sett på som eit mislykka multikulturelt eksperiment den gongen. Det var knapt eit einaste menneske i Noreg som kjende noko brennande trong for sveitserost i 1814.

Unorske ingeniørbragder og svensk bannskap

Det finst mange ingeniørbragder i Noreg, og ei av dei fremste er Bergensbanen. Bergensbanen må vel vere noko av det norskaste norske gjennom tidene? Diverre ser det ut til at ingeniørbragdene også vart utførte av folk med framandarta namn som Due, Armin, Berner og Blix.

For å byggje banen velte det inn ei bråte med svenske sluskar som hadde eit ukristeleg forhold til rusdrykk og sex. Dei sette born på truskuldige bondejenter i alle dalføre og kalla på Styggemannen med unorsk bannskap. Mange vart verande. Eg kan levande høyre det forarga snakket på kyrkjebakkane om desse sluskane. Med dagens ord vart dei nok omtalte som eit mislykka multikulturelt eksperiment.

Ein skjeggete profet frå Midt-Austen

Slik kan me halde fram med å rite opp innvandringsbylgjer til Noreg i dei siste tusen åra. Og visst har det vore mange konfliktar og problem med integreringa av dei framande. Men me skal leite vel og lenge for å finne noko som er 100 % norsk i det norske. Det meste viser seg å ha kome utanfrå med innvandrarar. Det har tent oss vel og har vorte ein del av det norske.

Det mest radikale multikulturelle eksperimentet i norsk historie vart gjort på 1000-talet. Etter ein orgie med halshogging, plyndring og brannstifting av fundamentalistiske framandkrigarar, vart det norske folket tvinga til å be til ein kjortelkledd, skjeggete profet frå Midt-Austen.

I dag ser mange på dette som noko av det mest verdfulle i norsk kulturarv.