Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre (koalisjonen) gjorde kjent via ein sms og ei pressemelding førre veke at dei braut dei framforhandla avtalane med Folkelista.

Det har vore spekulert i kvifor koalisjonen braut avtalane, og talspersonar for desse tre partia har uttalt seg i media utan å informere om årsaka. Seinast i Vikebladet/Vestposten sin leiar sist laurdag vert det vist til ikkje namngjevne kjelder frå Folkelista. Kombinasjonen av spekulasjonane og ukorrekt informasjon frå koalisjonen gjer at Folkelista no går ut med synet vårt i saka.

Folkelista synest det er beklageleg at koalisjonen braut avtalane vi hadde med dei. Avtalane var gode både med tanke på politiske saker og fordeling av posisjonar. Tidleg etter valet vart det gjort skriftleg avtale mellom partane og signert av alle involverte personar. Mesteparten av denne avtalen vart offentleggjort i pressa. Deretter vart det gjennomført forhandlingar for å kome til semje om gjennomføringa av den signerte avtalen i praksis. Det gjaldt utforming av lister til val av formannskap, næring- og miljøutval (NMU) og levekårutval (LKU). Sidan Folkelista gjennom den skriftlege avtalen sikra både Venstre og Kristeleg Folkeparti representasjon i alle desse utvala, måtte vi verte samde om detaljane kring dette.

Alle naudsynte detaljar kom etterkvart på plass. Detaljane vart nedfelte skriftleg - ikkje signert, men med full semje frå alle partar. Koalisjonen og Folkelista var såleis klar for å gå til konstitueringa av kommunestyret med semje om alle avtalefesta detaljar.

Likevel hadde koalisjonen eit tilleggskrav om dobbel godtgjersle til Venstre sin varaordførar. Dette var ikkje nedskrive i nokon av avtalane, og vi tilrådde å halde det utanfor. Sjølv om kravet etterkvart vart redusert noko, såg vi ikkje saklege argument som tilsa at vi kunne gå med på ein slik praksis. Vi meinte også at det er særs uheldig å auke godtgjersla til politisk toppleiing samstundes som kommunen må skjere på svært mange område i den daglege drifta. Til slutt hevda vi at slike «lønskrav» bør fremjast i kommunestyret utan å vere avtala på bakromet i forkant.

Når koalisjonen etter dette bryt dei skriftlege politiske avtalane dei gjorde med Folkelista utan grunngjeving til oss, går vi sjølvsagt ut frå at det må vere fordi vi ikkje kunne akseptere auke i godtgjersle til varaordføraren. Alt anna var som sagt, avtala i full semje.

Endå ein gong vil vi beklage avtalebrotet frå koalisjonen si side. Folkelista har etterpå, som lesarane veit, forhandla fram ein politisk, skriftleg og signert avtale med Høgre som vi også synest er god. Vi kan love veljarane at Folkelista skal halde avtalane vi inngår.