Nordmenn kjem til å bruke 17 prosent mindre pengar på jula i år enn i fjor, ifølgje ei undersøking utført for Sparebank 1.

– Nedgangen overraskar meg og står i klar kontrast til anslaga om vekst i julehandelen i år. Mange opplever uro for jobb og inntekt og vel derfor å halde litt igjen på pengebruken, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1.

Ifølgje undersøkinga som Respons Analyse har utført for banken, vil folk i gjennomsnitt bruke 6.360 kroner ekstra til jul i år, jamfør 7.685 kroner i fjor. 19 prosent svarer at dei trur juleforbruket i år blir påverka negativt av den økonomiske situasjonen i Noreg.

Ifølgje Finans Norges forventningsbarometer for fjerde kvartal er trua på norsk økonomi neste år den lågaste som er registrert, samtidig som spareviljen aldri har vore høgare.

– Vi har sett det før og vi ser teikn til det same no: Når uvissa for framtida og den økonomiske utviklinga aukar, vel mange å halde litt igjen på forbruket og heller spare meir som buffer mot dårlegare tider, seier Gundersen.

Vekespørsmålet

Kva kjem du til å gjere? Vil du redusere pengebruken når det gjeld julehandelen, eller vil du bruke like mykje som i fjor eller kanskje enda meir? Klikk deg inn på vekespørsmålet og velg ditt alternativ.

Sist veke spurte vi kva folk tykkjer om eigedomsskatt.

Eigedomsskatt er ikkje vidare populært skal vi tru resultatet. 78 prosent var i mot eigedomsskatt, medan 12 prosent var for.  8 prosent kunne akseptere eigedomsskatt som ei mellombels løysing og 2 prosent visste ikkje kva dei meinte.