Kommunestyra på Ytre Søre har hatt møte og gjort vedtak om retningsval i kommunereforma. Både Hareid og Ulstein har sagt ja til å forhandle med dei andre kommunane på Ytre Søre om å danne ein ny kommune. Hareid har smett inn i vedtaket at dei også skal forhandle med Regionkommune Sunnmøre. Det har Ulstein ikkje gjort. Dei vil derimot forhandle med Hareid, og flest mogleg andre kommunar, viss forhandlingane med dei fem kommunane på Ytre Søre ikkje fører fram. I løpet av 6-7 veker må forhandlingane om ein intensjonsavtale vere avslutta. Alle kommunane på Ytre Søre har no sagt ja til folkerøysting, og det er eit klokt val. Innbyggjarane må ikkje sitje att med ei kjensle av at dei ikkje har fått sagt meininga si. Å spørje ei gruppe via telefon verkar ikkje tillitsvekkande og demokratisk. Men den dagen folk skal gå til urnene for å røyste, må dei også vite kva dei røystar på. Forslaga som står att må ha eit konkret innhald. Hittil har debatten langt på veg vore for luftig. Korleis vil dei kommunale tenestene ute i kommunane bli viss vi slår oss saman på Ytre Søre eller med Sunnmørsregionen rundt Ålesund - og korleis skal den politiske strukturen vere? Prosessen fram er ein ting, men konsekvensane er viktigare.