I dag presenterer vi eit av dei store spørsmåla i livet, trur du på eit liv etter døden?

Går alt i svart når du døyr, eller finst det eit tilvære også etter at du har dratt ditt siste sukk? Klikk deg inn på vekespørsmålet og avgi svaret ditt.

I ei spørjeundersøkjing avisa Dagen nyleg fekk utført, var det omtrent likt fordelt mellom dei tre svaralternativa "Nei", "Ja" og "Veit ikkje" til spørsmålet om dei trudde på eit liv etter døden. Det var likevel ei viss overvekt, 37,6 prosent, som trudde at det ikkje er noko liv etter døden. Undersøkjinga viser også at det er flest menn som avviser eit liv etter døden, 42,7 prosent av dei som har svart nei er menn.

Trur privatøkonomien vert dårlegare

Det førre spørsmålet vårt handla i høgste grad om livet før døden. Då lurte vi på om du trudde privatøkonomien din vart dårlegare i 2016.

Har har eit knapt fleirtal, 52 prosent, svart "Ja", medan 40 prosent har svart "Nei". Ni prosent har svart "Veit ikkje".