I dag, laurdag 13. februar, skriv vi om 26 mindreårige asylsøkjarar som torsdag ikkje fekk møte til undervisning ved Ulstein ungdomsskule. Bakgrunnen er uromeldingar frå foreldre om seksuell tilnærming og trakassering av jenter ved skulen. Og på bordet til lensmannen ligg no ei skriftleg melding om slike hendingar som skal etterforskast.

Det var klokt av ordførar Knut Erik Engh å kalle alle involverte partar inn til eit hastemøte onsdag kveld. Og det er truleg også klokt å finne ein annan undervisningsarena for dei unge asylsøkjarane. Men ordføraren kjem med eit viktig poeng når han uttaler at han ikkje vil krisemaksimere og at det er viktig å halde seg til fakta i staden for rykte.

Konstituert lensmann Leif Arne Mork opplyser at politiet ikkje har fått varsel om fleire liknande saker i ungdomsskulemiljøet.

Førebels er ingen sikta i saka, det er no etterforskinga skal starte. I tida framover er det viktig å halde tanken klar. Det er viktig at jentene blir behandla med respekt og omtanke. Men det må ikkje feste seg eit inntrykk av at alle asylsøkjarar er ein potensiell overgripar. Også blant våre eigne finst sikkert element som treng ei påminning om kvar grensene går.