I løpet av denne veka vil vi nordmenn svi av om lag 255 millionar kroner for å feire kjærleiken. Vi har invitert til restaurantbesøk, vi har kjøpt blomar og sjokolade. Og vi har sendt kort med raude hjarter på. I dag, søndag 14. februar er det St. Valentine’s Day, også kalla Alle hjarters dag. Ein dag for feiring av kjærleik og romantikk. Nokre har funne den eine for lenge sida. Andre vil sende eit anonymt kjærleiksbrev og lever i håpet.  I dag er det også morsdag. Dobbelt opp. Fleire blomar. Både kjærast, ektefelle og mor fortenar merksemd, og det kan vere godt med ein dag som gjer at vi stoppar litt opp. Sjølv om det kanskje først og fremst er handelstanden som minner oss på det. Men om vi  løfter blikket litt ut av den private sfæren, kan vi finne andre typar kjærleik. Overalt.

Eg skal om kort stund skifte jobb. Det betyr også at eg ikkje lenger skal dele kvardagane mine med dei gode kollegaene mine, i det gode fellesskapet. Og det er fellesskapet eg vil sakne. For sjølv om eg sjølvsagt kjenner fleire av dei ganske godt, er det det vi har skapt saman som gjer meg varm om hjerte. No er det slutt.  Eg har og blitt glad i dei menneska som bruker tenestene våre. Eg har fått lov til å vere med i sorg og i glede, fått tatt del i viktige hendingar i andre menneske sine liv. Eg kjenner takksemd. Og eg kjenner at eg håpar det går bra med dei, at eg veil dei vel. Det er ei god kjensle. Eg forlet jobben min frivillig. Eg har valt å slutte. I dag er det eit privilegium. Det er mange som må slutte. Som ikkje har eit val. Det er tøft å misse jobben.  Ikkje minst økonomisk. Men for mange er det tøffaste å misse fellesskapet. Opplevinga av å høyre til.

Kjærleiken kan også vere enklare. Som kjærleiken til naturen. Eller til ein stad. Heimstaden. Som innflyttar har eg gjort meg mange tankar om tilhøyrigheit og identitet. Då eg først flytta hit, var det vakraste eg visste ein solgul kornåker som vaia i vinden. Slik du berre finn den i Trøndelag. Kornåkeren er framleis vakker, men eg har blitt umåteleg glad i hav og fjell, i ver og vind. Før tenkte eg at kjærleiken til ein stad kunne målast i kvar du ville bu. No tenkjer eg at kjærleiken til ein stad best kan målast i kvar du vil døy.

Over 100 000 av oss har vore på kino og sett Joralf Gjerstad kalle mennesket for det vakraste som er skapt. Filmen har starta mange diskusjonar. Om kva han gjer og kva han ikkje gjer. Om det er Joralfs evner eller menneskets eiga tru som gjer ein skilnad. Men ingen som har sett filmen har unngått å få meg seg varmen og kjærleiken til Joralf. Varmen i hendene, kjærleiken til mennesket. – Du må tru på deg sjølv, seier Joralf og legg den store handa på ryggen hennar. – Ja, seier den unge kvinna, på innpust og med tindrande auge.

Per Fugelli ønskjer å klone Snåsamannen. og omtalar han som ein ”trollmann som utstrålar nestekjærleik”. Allmennlege Jørgen Skavlan er skeptisk, men seier fastlegane i Noreg kan ha noko å lære. Om korleis møte andre. For når sat du sist tett og godt saman med fastlegen din? Ja, det skulle tatt seg ut. Men kva med ein fastlege som såg deg. Heile deg. Og som hadde tid til det. Regissør Margreth Olin meiner Joralf Gjerstad har ei gåve. Då tenkjer ho ikkje på dei varme hendene hans, men evna han har til å sjå og anerkjenne eit anna menneske. Er det løyndomen? Eit menneskesyn der alle er like mykje verdt, der alle menneske har like stor verdi, og der det å vere open i møte med den andre kan utgjere ein forskjell?

Gjennom Forandringsfabrikken har barn og unge som er eller har vore i kontakt med barnevernet, fått hjelp til å formidle erfaringane sine slik at barnevernet sine tenester skal bli betre. Barnevernsproffane kallar dei seg, og gjennom prosjektet Mitt Liv reiser dei rundt og held foredrag, er med på kurs og konferansar, møter politikarar, fagfolk og studentar. I ein artikkel i Aftenposten (2.11.14) tek dei ordet for at ”Kjærlighet må bli ein del av formålsparagrafen i barnevernesloven”. Artikkelen utfordrar oss. Det utfordrar heile måten vi tenkjer om profesjonelle hjelparar på. Dei som toler alt. Som kan møte alt på same faglege måte. For Barnevernsproffane er ikkje det nok. Det verkar til og med mot si hensikt. For der ein vaksen vil kalle hjelparen uprofesjonell om han eller ho viste følelsar i møte med ein pasient, brukar eller klient, meiner Barnevernsproffane at det er naudsynt i møte med barn og unge. Når barn og unge fortel si livshistorie med omsorgssvikt, rus, vald og overgrep treng dei å møte vaksne som viser følelsar. Som toler å la seg bli rørt. Som toler å vise at historiene rører ved noko i ein. Kjærleik.

I løpet av det siste året er det mange som har vist stor kjærleik. Eg tenkjer på alle dei som har reist som frivillige, til dømes til Lesvos, for å hjelpe alle båtflyktningane. Historiene deira er såre og vonde, og gode og fulle av håp. Men først og fremst er det forteljingar om nestekjærleik. Line Johnsen (28) er ei av dei frivillige som har vore på Lesvos og som bloggar om opplevingane. Om korleis ein kan møte andre når ein verken har språk eller anna til hjelp. Om det å vere til stades. Ho skriv: ”Noen øyeblikk der man sat sammen med noen som nettopp hadde kommet i land og som sat og gråt, så gråt jeg gjerne litt jeg også”. Så gret eg gjerne litt eg med.

Kjærleik er nøkkelen til å finne ei løysing på verdas problem. Ja, eg veit kva du tenkjer. At no går eg for langt, dette blir for naivt. Men det er ikkje mine ord. Det var Martin Luther King Jr. som sa dette i talen sin då han fekk Nobels fredspris i Oslo i 1964. Talen hans er fantastisk, på mange måtar. Og skremmande relevant. Han snakkar om korleis vi er ei verd. Om korleis fred ikkje vil kome før alle er fri. Før dei store skilnadane mellom fattig og rik er vekke. Og kor privilegerte vi er, den første generasjonen som har ressursar til å gjere noko med det. Når eit barn døyr på ei strand, er det ikkje berre eit menneske som døyr, det er ein del av menneskeheita. For vi er alle ein del av menneskeheita.