Torsdag kom meldinga om at Kleven har skrive intensjonsavtale om å bygge inntil fire skip for Hurtigruten, og brått vart den grå dagen lysare.   Ordretørken innan offshore har i mange bedrifter ført til kutt i arbeidsstokken, permitteringar og oppseiingar. Går det som intensjonsavtalen seier, skal Kleven levere dei to første hurtigrutene i 2018 og 2019. For Kleven-konsernet kjem det til å bli eit hardkøyr, og for underleverandørar i regionen vil det bety auka aktivitet. Konserndirektør Ståle Rasmussen har uttalt at han ser føre seg at 150 til 200 verftstilsette vil vere involverte til ei kvar tid. Men kontrakten vil sjølvsagt få ringverknader utanfor Kleven også. Hurtigrutene får design frå Rolls-Royce, som heilt sikkert er spenna klar til å levere mykje av utstyret om bord. Og ei rad andre selskap i regionen håper også at bygging av hurtigrutene skal gje dei oppdrag.

Det er all grunn til å gratulere Kleven med intensjonsavtalen, som dei vann i konkurranse med 11 andre verft over heile verda. Det er flott at kontrakten gjekk til eit norsk skipsverft, og for oss som bur her er det svært bra at kontrakten hamna i Ulsteinvik. Avtalen viser at Kleven har klart det som verfta på Nordvestlandet har snakka om ei god tid no: omstille seg frå olje- og gassfartøy og konsentrere seg om andre fartøysegmentet medan oljebransjen kavar.