19. mai er det tid for folkeavrøysting både i Hareid og Ulstein når det gjeld kommunesamanslåing. Mange har orda frampå om ikkje alternativet Hareid + Ulstein også burde vere eit naturleg alternativ på røystesetelen.

Dei røysteføre i Hareid har tre alternativ å velje mellom: "Runde kommune", altså dei fem kommunane på ytre Søre som har signert intensjonsavtale om samanslåing, "Region Sunnmøre", med Ålesund som midtpunkt eller å halde fram som eigen kommune.

I Ulstein er alternativa "Runde kommune", at Ulstein held fram åleine eller "Veit ikkje".

Førehandsrøystinga er allereie godt i gang, så det er vel svært lite sannsynleg at alternativet "Hareid + Ulstein" vil dukke opp på røystesetlane den 19. mai, men vi dristar oss likevel til å spørje: Burde Hareid + Ulstein ha vore eit alternativ?

Klikk deg inn på Vekespørsmålet og sei kva du meiner. Du finn det ein annan stad i denne artikkelen eller eit lite stykke nede til høgre på framsida av Vikebladet.no.

Vil ha Myrvåg/Dragsund som kommunesenter

Sist spurte vi kvar eit eventuelt kommunesenter for ein ny storkommune på ytre søre burde plasserast. Her kunne folk velge mellom Larsnes, Fosnavåg, Ulsteinvik, Myrvåg/Dragsund, Hareid eller Fiskå. Fleirtalet av dei som stemte sikta seg inn mot Myrvåg/Dragsund-alternativet, i tillegg hadde Ulsteinvik ein viss oppslutnad.

Det vil seie, fram til ein viss person i Hjørungavåg-området tok til å tulle med avstemmingsopplegget vårt. Vedkomande har tydelegvis ikkje så mykje anna å nytte fritida si på enn å trykke på avstemmingsknappen, noko som resulterte i at Hareid sigla opp som den store vinnaren når det gjaldt lokalisering av kommunesenter, med 35 prosent av røystene. Av dei knappe 1100 røystene som har vorte alternativet Hareid til del, stammar vel 800 av desse frå den over snittet ivrige tastetrykkaren.

Sjølv om Vekespørsmålet neppe kan seiast å gi den absolutte sanninga om folkemeininga, så gir denne tenesta i alle fall gi ein viss peikepinn på kva som rører seg i djupet. I alle fall dersom folk nøyer seg med å trykkje ein gong.

Oppmodinga vår til deg som sit i Hjørungavåg og trykkjer er difor: Slutt med det, elles kjem vi og nappar ut kontakta di.