19. mai held dei fire kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein folkerøysting om kommunereformen. Kva råd innbyggjarane vil gi sine folkevalde er uvisst og det knyter seg også ein del spørsmål om korleis oppslutnaden om folkerøystinga vert.

Vanylven hadde folkerøysting den 25. april, med ein frammøte prosent på vel 63 prosent, noko som er tilnærma lik som ved eit kommuneval.

I Vanylven stemte 61 prosent ja til kommunesamanslåing, medan 37 prosent røysta nei.

Av dei som røysta ja svara 72,5 prosent at dei ynskjer å slå seg saman med Sande, Herøy, Ulstein og Hareid (Runde kommune), medan 13 prosent ville ha ei kommunesamanslåing med Selje og Vågsøy (Stadt kommune).

LES OGSÅ: Bruk stemmeretten din 19. mai

I Ulstein har innbyggjarane tre alternativ: Storkommunen Runde med Hareid, Herøy, Sande, Ulstein og Vanylven, Ulstein åleine – eller å stemme blankt, «veit ikkje».

I Hareid er der fire alternativ: Storkommunen Runde, Ålesundsregionen, Hareid åleine – eller blankt.

Herøyværingane har tre alternativ å velje mellom: Herøy og Sande kommune - Herøy, Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven kommune eller Herøy kommune åleine.

I Sande kommune skal innbyggjarane svare på eitt av to spørsmål: Bør Sande kommune danne ei ny kommune saman med ytre Søre? Og: Bør Sande kommune vere ei eiga kommune? Dei har også høve til å stemme blankt.

Spørsmålet vi stiller denne gongen er: Skal du ta del i folkerøystinga om kommunereform? Klikk deg inn på vekespørsmålet og avgi svar.

Mange ville ha samanslåingsalternativet Hareid - Ulstein

Sist spurte vi om alternativet Hareid + Ulstein burde ha vore med på røystesetlane for dei to kommunane. Trass i at dette alternativet har vorte avvist av fleirtalet av dei folkevalde både i Hareid og Ulstein, er mange innbyggjarar likevel forundra over at dei ikkje får høve til å røyste over ei samanslåing av dei to nabokommunane. Enkelte lokalpolitikarar har uttrykt seg kritisk til at Vikebladet.no i det heile gir innbyggjarane høve til å svare på om dette burde ha vore eit alternativ på røystesetlane, men tanken vår var i dette tilfellet å gi ein liten peikepinn på kvar folkemeininga låg.

Ein kan vel trygt slå fast at fleirtalet av dei som har avgitt svar, meiner at Hareid + Ulstein burde ha vore eit svaralternativ.

Heile 83 prosent meiner at alternativet Hareid + Ulstein burde ha stått på røystesetelen, medan 16 prosent meiner det motsette. Ein prosent har svart "veit ikkje".