I Hareid sa heile 72,6 prosent av dei som møtte opp for å velje alternativ i kommunereforma, at dei ville ha det som før; Hareid åleine. Valdeltakinga var på 42 prosent.

I Ulstein sa 62,8 prosent at dei vil satse på Ulstein kommune åleine. Valdeltakinga var på 37 prosent.

Dette er så tydelege resultat for både Hareid og Ulstein at politikarane er nøydde å rette seg etter dei. Det må vere lov å meine at kommunereforma til Sanner har feila. Regjeringa har ikkje klart å overtyde veljarane om at stort alltid blir betre – og meir robust. Også regjeringspartia bør ta valresultatet inn over seg og legge frå seg tanken om inntektsmodellar som straffar mindre kommunar.

Det mest positive i prosessen med kommunereforma er at politikarar på tvers av kommunegrensene har blitt nøydde til å snakke meir inngåande med kvarandre enn tidlegare. Prosessen har ført til eit tettare samarbeid. Og dette samarbeidet må ikkje ta slutt, sjølv om kommunane på Søre Sunnmøre har sagt at dei ønskjer å vere åleine. Gode naboar vil kvarandre vel og snakkar med kvarandre. Og det finst mange område der kommunane på Ytre Søre med fordel kan samarbeide meir enn før.