Eg har fått ein del positive reaksjonar på det eg sist skreiv om ulike former for usakleg argumentasjon, så eg tek sjansen på eit framhald.

Vi menneske er ikkje alltid logiske og objektive. Vi har vel alle sett optiske illusjonar der hjernen vår tolkar synsinntrykk feil. Skal vi avdekke slike illusjonar må vi ta oss tid, finne fram linjal og måle opp nøyaktig. Hjernen vår gjer lett same type feil med logiske resonnement. Skal vi avdekke slike feil må vi ta oss tid, tenkje kritisk gjennom steg for steg i resonnementet og gjerne teikne opp problemstillinga og notere etter kvart på vegen fram til konklusjonen.

Det eg skal skrive om i dag er typiske logiske feilslutningar som vi har særleg lett for å gjere når vi har lita tid.

Generalisering

Ei generalisering er når ein gjev ei heil gruppe same eigenskap som dei ein finn hjå nokre få i gruppa. Generaliseringar vert ofte nytta til å sverte ei gruppe eller for å forsterke eller underbyggje fordomar. Ein finn nokre dårlege eksemplar frå ei gruppe og seier at heile gruppa dermed må vere av same ulla.

Har t.d. ein eller to frå landslaget vore litt vel festlege og seint ute på byen før eit viktig arrangement, vil det vere ei typisk generalisering om ein seier at heile landslaget er fyllesvin. Ein finn mange andre døme på generaliseringar om ein ser korleis ulike folkegrupper vert omtala i busk-argumentasjon.

Vi kan og godt sei at Erasmus Montanus sitt klassiske prov på at Mor Nille er ein stein er ei form for generalisering. Korkje Mor Nille eller ein stein kan fly. Sidan dei har ein ting felles konkluderer Erasmus med at då har dei alt felles, og at Mor Nille altså må vere ein stein.

Anekdotiske prov

Eit anekdotisk prov er eit einskild eller nokre få særskilde tilfelle som vert framstilt som ålment gyldige. Til dømes av typen: «Røyking kan ikkje vere fårleg for eg hadde ein bestefar som vart over 90!» Eller at global oppvarming er ein bløff fordi det snødde ein dag i Washington eller var nauta kaldt ei natt i Karasjok.

Anekdotiske prov liknar på generaliseringar ved at ein tek eit einskild tilfelle og utan grunn generaliserer det til å vere ålmenngyldig. Først om ein ser på alle som var fødd samtidig med den røykande bestefaren, samanliknar røykevanane deira og ser kor gamle dei vart, kan ein kanskje lære noko om røyking og levealder. Og global oppvarming handlar ikkje om temperaturen ein bestemt stad ein bestemt dag, men om små temperaturendringar målt over heile kloden over lengre tid.

Alle veit at anekdotiske prov er svake, det er til dømes nedfelt i uttrykket om at ein svale gjer ingen sumar. Problemet er at det lett å oversjå når det går fort i ein diskusjon eller når du gjerne vil at provet skal vere rett.

Samvariasjon er ikkje alltid årsakssamanheng

Ser vi at to situasjonar ofte oppstår samstundes er det lett å tru at dei kan ha samanheng med kvarandre og at det eine kan vere årsak til det andre. Dette viser seg ofte å vere feil. Eit klassisk døme er «provet» på at det er storken som kjem med borna fordi det på landsbygda i Danmark er både mykje stork og mange born.

Storken trivst best på landsbygda fordi der er gode levekår. Folk på landsbygda får vanlegvis fleire born enn folk i byane – folk trivst kanskje og best på landsbygda. Der er altså ein samanheng mellom stork og barnefødslar, og når vi skjønar den rette samanhengen ser vi og at det ikkje er storken som kjem med borna. Så i dette tilfellet er der samvariasjon, men ikkje årsakssamanheng.

Andre gongar kan samvariasjon vise ein reell årsakssamanheng. Vitskapen har utvikla avanserte metodar for å sjekke dette, men det kan ofte krevje særskild kompetanse å nytte slike metodar rett.

Argument som byggjer på falsk årsakssamanheng kan verte brukt på utspekulert vis. Til dømes ved å stille opp faktaopplysningar slik at lesaren i sitt stille sinn konkluderer med at der må vere ein samanheng, sjølv om der eigentleg ikkje er nokon. Folk flest treng hjelp frå fagfolk eller media for å få avslørt slikt fusk.

Misbruk av autoritet

Vi har alle lett for å stole på autoritetar, og det er ofte rett av oss. Vi gjer som legen seier fordi vi veit at det er solid fagkunnskap, vi får ei truverdig forklaring og fordi erfaring tilseier at det virkar.

Har du nokon gong lest ei tekst der ei rad professorar og andre med flotte titlar vert ført som sanningsvitne for eit synspunkt som kanskje gjev deg ei skeptisk rynke i panna? Sjansen er då stor for at du har vore vitne til misbruk av autoritetar.

Ser du etter kva som er røynda bak dei flotte titlane finn du kanskje at det er professorar eller fagfolk innan heilt andre fag enn det saka gjeld, og at titlane ofte er pynta på. I verste fall vil du kunne finne at det er falske titlar eller at dei er kjøpte frå obskure universitet.

Du kan og oppleve at ekte autoritetar vert misbrukt ved at dei vert feilsitert eller ved at sitat vert tekne ut av samanheng slik at meiningsinnhaldet vert endra.

Ei anna form for misbruk av autoritet er når maktpersonar nyttar den autoritet dei har i kraft av si stilling til å fremje synspunkt som manglar fagleg grunnlag. Slikt er noko av det verste eg veit. Særleg reagerer eg når representantar for statsmakta utan faktabasert logisk grunngjeving krev innskrenkingar i innbyggjarane sin fridom.

Det kan sjå imponerande ut når nokon misbruker autoritet og det kan vere krevjande å avsløre det. Vanlege folk vil ofte vere avhengig av at media sjekkar kjelder og at personar med sakkunnskap tek til motmæle.

Dei teknikkane eg har skildra er ofte brukt i politikken, men du finn dei og til dømes i reklame og marknadsføring. Neste gong du er i butikken, surfar på internett, høyrer på radio eller ser på TV, kan du sjå om du kjenner att nokon av teknikkane. Er du vaken og oppmerksam kan du ikkje berre avsløre tvilsame politiske argument, men og verte ein betre og meir medviten konsument.

God helg!