Innbyggjarane gjorde det temmeleg klart at samanslåingsalternativa dei fekk framlagt i samband med folkerøystinga om kommunereformen no i mai ikkje var heilt etter deira smak.

Runde kommune, med dei fem kommunane på ytre søre, vart det ikkje noko av, heller ikkje konstellasjonen Hareid og Ålesund med omland. Fleirtalet var mest innstilt på å halde på kommunestrukturen slik han er.

Ein del meinte at folkerøystinga mangla eit alternativ, nemleg Hareid - Ulstein. No har lokalpolitikarane børsta støv av denne varianten og opnar for at det kan startast ein dialog for å få til dette.

Kva meiner du? Er tida inne for å slå saman dei to nabokommunane? Klikk deg inn på vekespørsmålet og avgi svar!