Er 65 års møbelhistorie i Hareid over?

Førre veke fekk dei tilsette ved Ekornes Hareid A/S den triste bodskapen. Bedrifta skal leggast ned, og produksjonen skal flyttast til Sykkylven. Alle tilsette har fått tilbod om å fylgje med på lasset, men for småbarnsforeldre vert det vanskeleg å dagpendle til Sykkylven. Dei kallar det samanslåing; høyrest finare ut slik, men for bygda er dette nedlegging.

Leiinga hevdar at dei skal spare 10 mill. i året på dette tiltaket. Samstundes les eg at flyttinga vil koste 5 mill., og at dei vil utgiftsføre nedskrivinger på bygningane i 2. kv. i år. Summen av nedskrivingane er ikkje kjende, men etter prisnivået for liknande bygg som ligg ute for sal, vil nedskrivingane bli vesentlege. Dei nemner ingenting om nedskriving på maskiner og utstyr. Når eg i tillegg veit at dei tilsette ved J&E Ekornes A/S, Vestlandske, har vesentleg høgare løn enn dei tilsette på Hareid, forstår eg lite av reknestykket som styret har gjort sitt vedtak på.

Lokala på Hareid skal strippast, og bygningane skal seljast/leigast ut? I dagens marked og i vårt distrikt er begge deler vanskeleg. Eg har også vanskar med å forstå korleis ordreinngangen skal bli større eller permitteringene mindre ved denne "samanslåinga" når dei etter leiinga sine utsagn skal behalde same arbeidsstokken.

Det er i år 20 år sia Ekornes tok over produksjonen til Utgård Mestermøbler A/S på svært gunstige vilkår. For meg som seljar og utleigar, var det den tida viktig at arbeidsplassane vart oppretthaldne, og at kostnadane for Ekornes ikkje vart for høge. Ei årleg fast lav husleige heilt frå 1996 og fram til Ekornes kjøpte bygningane i 2011, viser klart kor gode vilkår dei har hatt.

Ekornes har investert mykje i lokala på Hareid, slik at fabrikken i dag er den mest moderne stoppmøbelfabrikk for sofa i Noreg, ja, kanskje i heile Europa? Dette har dei fått til takka vere nytt internt transportsystem som går gjennom heile produksjonskjeda; Truleg har dei også fått tilskot frå det offentlege til dette? Lokalitetane ved J & E Ekornes A/S, Vestlandske, kan ikkje på nokon som helst måte tilfredsstille det krav som trengst for å få til ein slik rasjonell og framtidsretta møbelproduksjon, og etter leiinga sine utsagn er det for å sikre framtida dei har gjort dette vedtaket. Nei, her trur eg styret må ha gjort vedtaket etter hjartet, og ikkje etter fornufta, eller så er her ein annan grunn som ligg bak som dei ikkje vil offentleggjere. Eg kan ikkje forstå at det å legge ned den beste og mest moderne produksjonsbedrifta for sofa i konsernet, kan vere det beste, verken for dei tilsette eller aksjonærane.

Dette må vere det ein kallar "å gå baklengs inn i framtida".

Ordføraren i Hareid meiner Ekornes har forhasta seg, og her er eg heilt samd. Det vil ta fleire år før inntjeninga som Ekornes har annonsert ved denne nedlegginga, om den i det heile teke kjem, vil kome til syne i rekneskapet, og i mellomtida vil dei kanskje ha bruk for å auke kapasiteten igjen. Det skal bli interessant å lese tala til J&E Ekornes A/S, Vestlandske, dei neste åra.

Møbelbransjen har alltid gått i bølgedalar. Møbelkjøp er ting som folk let vente med når tidene er usikre, og i dag er dette situasjonen i heile den vestlege verda. Ekornes si historie viser også tydeleg det. Dei siste to åra har vi vore nede i ein slik bølgedal, men mange signal tyder no på at vi er på veg oppover igjen. Dette vil etter mitt syn gi auka etterspurnad etter møbler. Då er vedtaket som styret no har gjort, lite framtidsretta. Kanskje burde dei ha litt meir is i magen?

Historia viser også at modellutvalget har avgjerande betydning for god og stabil ordreinngang. Det var kun lansering av ein ny modell, og at Ekornes hadde for lange leveringstider på sofa som gjorde at dei i si tid etablerte seg på Hareid, og denne modellen er framleis i produksjon no 20-år etter. Ein slik modell kan igjen dukke opp. Kanskje er den alt på tegnebrettet. Kva då? Eg berre spør?

Etter det eg forstår er dei tilsette frå Hareid innstilte på å pendle til Sykkylven i ei overgangstid, så vil framtida vise om Ekornes har behov for å gjenopprette dagens produksjonskapasitet på Hareid. Men dersom dei vedtek å strippe fabrikken for alt utstyr før der er leigetakarar eller kjøparar til lokala, slik rykta seier, vil dette for alltid vere utelukka. Då vil ei 65-år gammal møbelhistorie forsvinne frå bygda, slik som mange av dei andre møbelbedrifter som Ekornes gjennom tidene har kjøpt opp og lagt ned. Eg kan nevne: Velledalen Lenestolfabrikk A/S, Stranda Lenestolfabrikk A/S, P&I Langlos Fabrikker A/S, Ulferts AB og der er sikkert også fleire. Ein må berre lure på kva fabrikk som blir den neste i konsernet som får ein slik lagnad. Ingen skal fortelje meg at alle desse nedleggelsane har vore velfundamenterte og nødvendige. Kjøp av nye bedrifter i ettertid viser tydeleg at det ikkje har vore tilfelle.

Hareid Kommune har det siste året blitt råka av fleire bedriftsnedleggelsar, og fleire bedrifter slit med å få overskot i drifta. Det å miste ei bedrift med 75 tilsette i ei bygd med 5000 innbyggjarar, og med ei arbeidsløyse på nærare 5%, den høgste på Sunnmøre, er svært alvorleg. I dette tilfelle gjeld det også kvinnelege arbeidsplasser som det er vanskeleg å erstatte. For Hareid er 75 arbeidsplassar viktigare enn 7500 i Oslo.

Dersom ei slik nedlegging hadde funne stad der, ville det vore tema høgt oppe i Storting og Departement, og hovudoppslag i alle riksdekkande aviser. I dette høvet har det knapt vore omtala der.

Eg var glad då Ekornes i si tid tok over drifta av Utgård Mestermøbler A/S, og eg har gledt meg kvar dag i desse 20 åra for at der har vore god drift, og at bedrifta har utvikla seg positivt. Det kan eg ikkje seie i dag på vegne av meg sjølv, bygda og alle dei tilsette som no mistar arbeidet og som går ei usikker framtid i møte.