Denne teksta vert forfatta 22. juli. 5 år etter terroren råka Noreg og endra vår oppfatning som eit av verdas tryggaste land, den gong då terror var ein fotnote på Dagsrevyen og hovudsakleg råka fattige folk ein heilt annan stad i verda.

Landets politikarar sto samla og tok til orde for at vi skulle møte terroren med kjærleik. Ingen skulle få rokke ved våre grunnleggande verdiar og skremme oss bort frå det trygge samfunnet vårt. Vi skulle lære av åtaket, verte meir opne, vise kjærleik for kvarandre i staden for hat mot terroristen.

Kjærleiken vi forkynte er gløymd. Kort tid etter 22/7 retta fleire nordmenn skuld og hat over på framandkulturelle. Såg dei no kor langt ein mann var villig til å gå for å uttrykke si misnøye med innrykket av framande kulturar til landet vårt? Klart det var deira skuld. Godheitstyrraniet hadde gått for langt.

Når det i seinare tid har skjedd liknande grusomheiter i til dømes Frankrike, er ikkje dette ei følgje av enkelte framandkulturelle sitt sinne og hat mot franskmenn og deira behandling av sine nye landsmenn. Det er fortsatt innvandrarane si skuld. Vi må snu kappa den vegen som gir medvind til hatet.

Terrorhandlingar kan sjølvsagt aldri legitimerast. Lat det ikkje stå uskrive.

I kjølvatnet av 22/7 måtte andre enn terroristen ha ei viss skuld for ugjerninga. Ein ungdomspolitikar måtte stillast for riksrett for måten han rømde på. Sjølv ein kjent norsk reiar på andre sida av jorda tok til orde for dette. Kvifor tok ikkje leiarskikkelsane i ungdomspartiet ansvar for sine medlemer og sprang tomhendte til angrep på terroristen? Dei burde møte den sikre død for å vise at dei tok ansvar. Flukt for å overleve var feigt.

Arbeiderpartiet skulle bruke dette for alt det var verd i stortingsvalet. Dette skulle sikre dei fleirtal åleine.

Dette var ikkje berre ei terrorhandling, det var storpolitikk.

Rosehavet har visna. Vi står att med eit kaldare samfunn og eit land med frykt for det meste som kan føre til ei endring av kulturen vår. Vi kan hjelpe dei der dei bur, men vi kan ikkje tilby pengar då dei hamnar i feil hender og ikkje kjem fram dit dei er tilsikta. Vi må hjelpe dei der dei bur, sjølv om det er nettopp den staden dei flyktar frå. Nokre få kan vi sleppe inn, men 8.000 i året er for mange. Og dei kan ikkje bu i mi bygd, det er der fleire grunnar til.

Når vi får opp muren slepp vi å ta stilling til dei i det heile. Ingen gullstol skal kunne løftast over.

For 71 år sidan sto vi samla. Vi skulle bygge opp att landet og samfunnet, ikkje murar. Vi skulle stå sterkare som nasjon, ikkje hate. Vi skulle lære av historia og sørge for aldri meir 9. april. Vi skulle lære av desse brutale hendingane forårsaka av hatet mot dei framandkulturelle som øydela det tyske samfunnet.

Har vi lært?

5 år etter ser eg ikkje eit norsk samfunn beståande av born av regnbogen. Kvar fallen er ikkje berre brør og vener. Vi sit att med meir hat, meir frykt. Ikkje ein gong norrøne gudar sine soldatar kan sikre tryggleiken i gatene.

Ikkje ein gong visdomsord frå Sir Francis Bacon eller Roosevelt har lært oss at det er frykta som er den største trugslen.

Vi har ikkje lært.

Stian Runne Brandal