Om ei  veke får innbyggarane i Hareid høve til å røyste over om Hareid og Ulstein bør danne ei ny kommune saman, alternativet som mangla på folkerøystinga i mai. Hareid Venstre og Hareid Frp ynskte å ha med Hareid + Ulstein som eit alternativ i mai, men slik blei det ikkje då. Derfor er dette alternativet ikkje kvittert ut, og eg er glad for at vi no har fått sett nærare på det.

Eg er så heldig at eg har fått vore med i forhandlingsutvalet både til Runde kommune, vara til Ålesund kommune, og no sist i forhandlingsutvalet til Hareidlandet kommune. Derfor har eg sjølvsagt stor kjennskap til prosessen og intensjonsavtalane. Det er både pluss og minus, for det kan vere lett for oss i forhandlingsutvala å «gløyme» at ikkje alle andre kjenner til avtalane like godt.

Avtalen mellom Hareid kommune og Ulstein kommune er, etter mitt syn, både betre og meir konkret for Hareid enn kva både «Runde kommune» og «Regionkommune Ålesund» var. Og den er god for både Ulstein kommune og Hareid kommune. I tillegg er det viktig å hugse på at det ikkje er «vi og dei», vi er ei øy, med felles tilbod innan mange områder (arbeidsmarknad, kulturtilbod, handel etc). Det er ti minutt mellom dei to sentruma, og begge skal bestå vidare, noko det er lagt til rette for i avtalen.

Basistenestene (skular, barnehagar, sjukeheim, bibliotek m.m) skal ligge der folk bur, som i dag. Dei administrative kontora er fordelt mellom Hareid og Ulstein. Fleire har ytra stor skuffelse av at strategisk leiing og strategisk stabsfunksjon er lagt til Ulstein. Men ved ei fordeling, må også noko ligge i Ulstein. Med unntak av omsorgsetaten og eigedomsforetaket er resten plassert på Hareid. I tillegg skal det vere Servicetorg i begge kommunane.

Det har vore fokus på den høge gjelda til Ulstein. I den samanheng er det viktig å notere seg at inntekta til Ulstein kommune er på plass til å handtere gjelda. Ulstein har også bygd seg opp eit vesentleg driftsfond. Hareid har lav gjeld, men vi står også føre ein del investeringar (ungdomsskule, helsehus, sentrumsutvikling med meir) og vi har eit stort vedlikeholdsetterslep både på bygg og vegnett. Vi har jobba knallhardt for å kome oss ut av Robek-lista, men utan eigedomsskatten hadde vi ikkje klart det. Og med det nye inntektssystemet, vil vi få kutt i inntektene i dei komande åra om vi ikkje blir ein del av ei større kommune. Då held det ikkje med velvillige lokalpolitikarar, vi kan ikkje nytte ei krone fleire gongar.

Intensjonsavtalen slår fast at det første som skal prioriterast i ei ny kommune, er ny ungdomsskule på Hareid. Dette vil Hareid kommune ikkje klare aleine.

Dersom Hareid og Ulstein slår seg saman, får vi 25 millionar i reformstøtte. Av desse midlane er det sagt at 10 millionar skal gå til sentrumsutvikling i Hareid, noko som vil vere svært positivt for Hareid. 5 millionar skal nyttast i Ulstein, medan Fellesnemnda disponerer 10 millionar, til å «bygge» den nye kommunen.

Det vedtekne helsehuset i Hareid vert fylt med endå meir innhald ved ei samanslåing, og det er sikra at dei neste fire legeheimlane i den nye kommunen vert lokalisert i helsehuset på Hareid.

Intensjonsavtalen til Hareidlandet kommune er konkret på ein del områder, men det står også igjen ein god porsjon arbeid før vi kan seie at vi er ein kommune på Hareidlandet. Vi skal bruke tida frå vedtak i kommunestyret, Fylkesmann og Storting fram til 1. januar 2020 før vi er ei kommune. Det skal settast ned ei fellesnemnd med politikarar frå begge kommunane som skal spikre detaljane, og det er no jobben verkeleg startar. Vi har eit godt utgangspunkt i intensjonsavtalen, og lokalpolitikar i begge kommunane som vil det beste for Hareidlandet vidare, og vil legge ned ein stor jobb for å utvikle oss i rett retning saman.

Det er i denne runda vi har muligheit å vere med på å forme den nye kommunen vidare. Ved ei samanslåing på eit seinare tidspunkt, er eg overtydd om at verken innbyggarane eller lokalpolitikarane får vere med på å bestemme korleis ei ny storkommune skal sjå ut, kor tenestene skal vere plassert og kor det skal satsast i framtida. Då vil det vere styrt frå statleg hald, og vi må «ta til takke med det vi får».

Ver med på å bygg den nye kommunen, stem ja til Hareidlandet kommune måndag 22. august.

Annika Brandal

Hareid Venstre