Mange hugsar nok TV-serien «Himmelblå» som gav øya Ylvingen mykje merksemd. I det siste kan det verke som om medie- og sports-Noreg har kasta auga sine på Ulsteinvik. Det starta i fjor sommar då «Sommerbåten» til NRK la til kai og laga direktesending frå Ulsteinvik. Denne veka har TV Norge vore både på Osnessanden og i Eiksund for å spele inn ein episode med kjendisar frå 71 grader nord -  TV-serien som viser Noreg frå Lindesnes til Nordkapp. Dette skjer samtidig som det er audition for den nye TV-serien til NRK, «Hjemmebane», der handlinga blir lagt til Ulsteinvik og Høddvoll.

Tidlegare i sommar var nye Ulsteinhallen arena for kvinnelandslaget i handball som varma opp med kampar mot Romania, Spania og Frankrike. Og 19. september kjem kvinnelandslaget i fotball til Ulsteinvik for å avslutte EM-kvalifiseringa med kamp mot Israel.

Alt dette gir Ulsteinvik positiv merkevarebygging. At film- og mediebransjen kan gå litt i flokk kan vere ei side av saka. Men det er nok ingen tvil om at satsinga i Ulsteinvik sentrum, inkludert gode hotellfasilitetar, den nye Ulsteinhallen og nye Høddvoll har gitt Ulsteinvik eit løft som gjer den vesle byen attraktiv, og ei kjensle av at det er himmelblått over Ulsteinvik.