Måndag skal fylkesmann Lodve Solholm kome med ei tilråding til regjeringa om kommunesamanslåingar i Møre og Romsdal.

I Sogn og Fjordane foreslår fylkesmann Anne Karin Hamre fire storkommunar. Både i Akershus, Buskerud og Troms har fylkesmennene kome med tilrådingar som inneber at ei rekke kommunar blir slått saman mot sin vilje. Dersom fylkesmannen i Møre og Romsdal følgjer same praksis, går det nok mot at han tilrår at vi her i regionen blir ein del av Runde kommune. Eit alternativ som berre Vanylven og Sande i utgangspunktet har sagt ja til.

Vi kan sjølvsagt ta feil, men magekjensla går ut på at fylkesmannen vil meine at Hareid og Ulstein blir for lite. At han vil tilrå at Hareid og Ulstein skal halde fram som i dag, er tvilsamt.

Fylkesmennene har fått i oppdrag frå Regjeringa å gjere ei sjølvstendig vurdering av kommunestyrevedtaka. Dei skal legge vekt på heilskapen i regionen og fylket. Det inneber at dei kan gjere tilrådingar som går på tvers av folkeviljen. Men til sjuande og sist er det Stortinget som skal banke gjennom kva kommunar som skal vere saman. Ansvaret for tvang eller ikkje ligg hos stortingspolitikarane.

Men måndag blir ein spennande dag.