Sist veke lanserte Vikebladet.no "For abonnentar", ei ordning som gjer at ein del av sakene berre er tilgjengelege for dei som har abonnement.Dette har blitt meir regelen enn unntaket hos norske nettaviser.

– Når talet på abonnentar minkar, mykje på grunn av at folk meiner dei får lese det dei treng på nettavisa vår, må vi ta grep, forklarer redaktør Anne Gry Eilertsen.

Har du abonnement på Vikebladet Vestposten, men ikkje oppretta digital brukar? Det kan du gjere her. Ønskjer du tilgang på heile Vikebladet.no? Her kan du kjøpe digitalt abonnement.

Kva meiner du om at ein del nettsaker berre er tilgjengelege for abonnentar? Klikk deg inn på Vekespørsmålet og avgi svar! "Kva meiner du om "For abonnentar"?", spør vi. Svaralternativa du har å velge i mellom er: A) "Alle nettsaker bør vere gratis for alle". B) "Det er heilt greitt, avisa må ha inntekter" C) "Veit ikkje".