Eg har aldri skote ein einaste fugl på Runde. Med kamera. Ikkje med kuler og krut heller, for den saks skuld.

Fugleøya Runde har liksom ikkje vore fugleøy for min del. Eg likar godt å ta bilete, men har framleis til gode å reise ut dit for å fotografere lunde, storjo eller andre fjørkledde skapningar.

Truleg har eg vore meir på Runde kvelds- eller nattetid, etter at det har vorte mørkt, enn det eg har vore der på dagtid og i godt lys.

Denne gongen hadde eg eigentleg tenkt å skrive om nakne vegger. Dei store tomme flatene i heimen som endeleg skulle pyntast opp med tre store aluminiumsplater pryda av eigne bilete. Frå Runde dei også. Det er nemleg eit tema her.

For torsdag ringde det både eine og andre bjella rundt om på nett og appar. Klarvêr og nordlys. Kanskje også kraftig nordlys.

I utgangspunktet starta historia for nesten tre år sidan. Då var det januar, noko kaldare, men elles på ein kveld svært lik denne torsdagen.

Den gong budde eg framleis på rette sida av Eiksundtunnelen, så avstanden til Runde var noko lengre enn den er i dag. Den var likevel ikkje lengre enn at eg kasta meg i bilen då dei første lovande meldingane dukka opp på telefonen.

Den gong fann eg aldri nordlyset. Det valte andre vegar, men i staden fekk eg oppleve Runde på kanskje sitt aller vakraste. Med ein stor og lys måne, som gjorde sitt for å lyse opp både himmel og land, med ein strålande stjernehimmel og med lyset frå fyret på ei side, og Ålesund som ein brennande fakkel i det fjerne.

Sidan den herlege kvelden og tidlege natta har eg gått med eit bilete i hovudet. Eit bilete av eit bilete. I nesten tre år. Ikkje at eg har tenkt på det kvar einaste dag, men ofte nok til at det ikkje har gått i gløymeboka.

Og torsdag kom sjansen. Endeleg. Ein lys, stor måne. Klarvêr. Nordlys. Og Runde.

Det handlar om å ta moglegheitene når dei dukkar opp. Kaste seg i bilen og kome seg litt vekk. Ta sjansen på at nordlyset legg seg på rette plassen og at lyset frå månen lyser opp utan å forstyrre for mykje.

Torsdag kom eg ganske nære, sjølv om ein alltid kan ønskje seg endå meir. I helga skal bileta sorterast og etterbehandlast. Og kanskje får dei tre bileta frå sist selskap av nokre nye. På veggane som ikkje lenger er like nakne.

Det nyttar å hive seg rundt når sjansen byd seg.