Ulstein kommune er dømd til å betale Glen Børge Løset Flø til saman nærare 2 millionar kroner for mobbing han vart utsett for i grunnskulen.

Sunnmøre tingrett har konkludert med at Flø truleg ville klart å fullføre vidaregåande skule dersom han ikkje var påført langvarig og traumatiserande mobbing.

I Ulstein kommune var det utarbeidt planar både for å motverke mobbing og tiltaksplan ved mobbing, men under rettssaka kom det fram at tiltaksplanen ved mobbing ikkje vart tatt i bruk i tilfellet til Glen Børge. Rett og slett fordi skuleleiinga ikkje definerte det som skjedde som mobbing.

Å bagatellisere mobbing er inga god løysing. Det er det heller ikkje å legge skulda over på mobbaren. I dei fleste tilfelle treng også mobbaren hjelp, og det må vere klinkande klart at ansvaret ligg hos dei vaksne. Både foreldra og lærarar.

For Ulstein kommune er dommen ei ripe i lakken, men det er liten grunn til å tru at det er berre i ulsteinskulen mobbinga har fått lov til å utarte seg. Også i Hareid har det vore tilfelle der skuleleiinga har prøvd å bagatellisere mobbing.

Kommunane er opptekne av omdømebygging, og då vil dei ikkje ha mobbing fram i lyset.

Vi får håpe at skulane i dag er meir medvitne om kor viktig det er å ta fram verktøya dei har for å motverke mobbing. I Ulstein har truleg MOT blitt eit godt verktøy.