Plast eller natur? Den tradisjonelle julegrana held framleis stand, men stadig fleire skaffar seg juletre i plast.
(Foto: Illustrasjon)

Plast eller natur? Den tradisjonelle julegrana held framleis stand, men stadig fleire skaffar seg juletre i plast. Foto: Illustrasjon

VEKESPØRSMÅLET

Plast eller ekte vare?

Kva slags juletre er mest populært?

Stadig fleire vel plastjuletre framfor naturtre. På landsplan utgjer plasttrea no rundt ein tredjedel av juletrea rundt om i heimane.

Det er ikkje til å stikke under ein busk at plasttrea har sine føremuner. For den som slit med allergi mot midd og andre småkryp som skjuler seg i eit tradisjonelt juletre, kan eit plasstre vere eit fint alternativ. Har ein først gått til innkjøp av eit plasttre er det også temmeleg snerte å kunne leite fram det samme treet år etter år. Ein slepp også problemet med nåledryssing.

På den andre sida er det mange som ønskjer å ha eit ekte tre i stova. Medan eit plasttre er laga av fossilt materiale og kan innhalde miljøgifter, er eit tradisjonelt juletre hundre prosent organisk.

Korleis er det heime med deg? Går de for plast eller ekte vare? Klikk deg inn på Vekespørsmålet og avgi svar!

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten: