11. januar startar sløkkinga av det riksdekkande FM-nettet i Noreg. Nordland fylke er først ut. Deretter, 8. februar, er det Møre og Romsdal og Trøndelag sin tur. Her vert først FM-sendinga av NRK sine kanalar lagt ned og to veker etter, 21. april, fylgjer P4 og Radio Norge og ein del lokalradioar etter. Bygderadio Vest har fått forlenga sin FM-konsesjon fram til 31. desember 2021.

DAB_nettet har vore gjennom ei kraftig utbygging dei siste åra og ifølgje NRK kan 99,7 prosent av innbyggjarane i Noreg no høyre radio digitalt via ein DAB-radio.

Sjølv om DAB-radio har sine klare fordelar når det gjeld lydkvalitet og utval og kanalar, har det vore ein viss motstand mot å legge ned det riksdekkande FM-nettet. I ei undersøkjing som Ipsos gjorde for Dagbladet før jul, svarte 66 prosent at dei er i mot sløkkinga. Berre 17 prosent var for.

No har også du høve til å gi uttrykk for kva du meiner, gjennom Vekespørsmålet på Vikebladet.no.

Ein av tre har plasttre

33 prosent av dei som svarte på førre Vekespørsmålet, "Kva slags juletre har du?", svarte at dei har plasttre. Dette er heilt i samsvar med folkesetnaden i Noreg elles. Noko overraskande kanskje var det at alternativet "Furu" segla opp på ein soleklar førsteplass, med 36 prosent av stemmene. Gran fekk 26 prosent, medan fem prosent svarte at dei ikkje har juletre.